Snart start for årets laksefiske

Os jakt- og fiskelag håper på meir regn i vekene som kjem, 15. juni opnar fisket i Oselvo.

Ørjan Håland
Ørjan Hålandsøndag 04. juni 2017 10:00

I fjor gjekk det ei veke etter opning før Kjell Morten Søvik fekk årets første laks i Oselvo.

Fem dagar seinare kom første laks tatt av Os JFL-medlem på land, Remi Båtvedt fekk «årets Oskar» i 2016.

– Det treng ikkje regna heile tida, men Oselvo er ei flaumelv, er det for lite vatn så får vi ikkje fisk.

– Men kjem det ein skikkeleg regnskyll kan det vera godt fiske i inntil ei veke, seier leiar for fiskeutvalet i Os JFL, Anders Kloven.

Vi var med jakt- og fiaskelaget på dugnad langs Oselvo tidlegare denne veka. No skal alt vera klart for sesongopning ved midnatt natt til torsdag 15. juni.

• Les òg: Eivind Sjøbø fekk laks på 12 kilo

• Midtsiden samleside: Jakt og fiske

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Sommartilbod frå 5 kr
Få sommartilbodet

Abonnementet blir fornya kvar måned. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.