Os Fotball dame | 06. aug. 2021

Solid treningskamp av damelaget

Skåra seks mål på 3. divisjonslaget Nordhordland.

Solid treningskamp av damelaget
Andrine Brunvatne Kvittingen, her etter skåring i 2-1-siger over Voss med J19 i fjor, skåra to på onsdag. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 06. aug. 2021 10:31

Os sitt damelag er godt i gang med førebuingane til seriestart i 3. divisjon.

Onsdag tok dei imot Nordhordland til treningskamp på Kuventræ.

Nordhordland kom tre plassar bak Os i 2019. Os landa på 5. plass i sin første sesong i 3. divisjon.

I år speler Nordhordland i Os si naboavdeling i 3. divisjon.

Os - Nordhordland 6-1
Målskårarar, Os:
Andrine Brunvatne Kvittingen 2, Ingeborg Sundal Ljostveit 2, Lenea Fløysand og Agathe Cöllestine Lekven.

Tomålsskårar Ingeborg Sundal Ljostveit er ny på Os-laget. Ho er ei av to som signerte i april.

Fløysand, Kvittingen og Lekven - tre av onsdagens fire målskårarar. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Fløysand, Kvittingen og Lekven - tre av onsdagens fire målskårarar. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Trenar Ørjan Sandal er nøgd.

– Vi speler ein ganske bra kamp der vi er flinke til å utføra fokusområda våre. Spelarane kan vera godt nøgd med den jobben dei la ned, seier hovudtrenar Ørjan Sandal ifølgje Os Fotball si nye heimeside.

Os speler ny treningskamp laurdag 14. august mot Nymark frå klokka 12. Også Nymark speler i den andre 3. divisjonsavdelinga i den komande serien. Dei landa på 9. plass i 2019.

I komande sesong er 3. divisjon delt i to små avdelingar.

Os si avdeling i 3. divisjon består av desse laga: Bremnes, Djerv, Fana, Fyllingsdalen 2, Gneist og Os.

Seriestart er borte mot Bremnes laurdag 21. august, første heimekamp går mot Fyllingsdalen 2 søndag 29. august (kampstart kl 16)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.