Spelar du på lag med kroppen din?
Trening skal gi deg endorfinar og overskot. Kjenner du deg tung og sliten i staden?


Fysioterapeut og personleg trenar (PT) Torill Bakke er fast Midtsiden-spaltist, og kjem i starten på kvar månad med gode råd innan trening og ernæring.
Denne veka markerer Helsedirektoratet «Styrkeveka» med å setja eit ekstra fokus på styrketrening og det å vera kvardagssterk.
Det handlar om å ha styrken du treng til å gjera det du vil.

«Styrkeveka» markerer kor viktig regelmessig styrke er for ei god helse. For å behalda styrken og musklane våre må vi bruka dei.
Er du god på å bruka musklane dine regelmessig?
Regelmessig styrketrening er gull for helsa di. Du får ein sterk kropp og eit sterkt hovud som toler ein støyt, både fysisk og psykisk.
For å bli sterkare må du regelmessig utsetta musklane dine for tung belastning.
Resultat kjem etter hardt arbeid over tid.
Kjenner du deg tung etter trening?
Gjer du alt riktig, men likevel uteblir resultata du jobbar for? Kjennes kroppen tung og sliten ut, sjølv etter ei økt som eigentlig skal gjera deg full av oppkvikkande endorfiner?
Då må du kanskje tenka over korleis totalbelastninga i livet ditt er.
- Er jobben stressande med mykje overtid samtidig som god søvn er ei konstant mangelvare og kostholdet absolutt kunne ha vore betre?
- Er kroppen konstant på sparebluss og du blir stadig småsjuk?
- Blir summen av alt i kvardagen for stor?
Totalbelastninga er alt som påverkar deg fysisk og psykisk.
Det må vera ein balanse mellom totalbelastninga, treningsbelastninga og kvile (restitusjon) for at treninga di skal gje deg dei resulatata du ønsker.
Tren likevel
Dersom du kjenner at totalbelastninga er for stor er det på tide å lytte til kroppen.
I desse periodane kan du heller ikkje forventa at kroppen har overskot til å gje deg dei største resultata på trening.
Når kvardagen er nok i seg sjølv er det bra nok å berre få gjennomført treninga, uavhengig av resultat.
For å trena er sjølvsagt viktig uansett.
Treninga er ein viktig faktor som er med på å halda deg oppe og bygga deg opp igjen slik at du klarar å stå i ein belastande kvardag.
Tilpassa belasting - og forventing
Men treninga må tilpassast til der du er og korleis kroppen din har det.
Det er ikkje no du skal jakta den beste tida på ein 10 km, eller setta ny rekord i markløft.
No må treninga tilpassast med intensitet og formål slik at ho gjer deg energi, mestring og overskot framfor å vera enda ein negativ stressfaktor på ein allerede sliten kropp.
Det er viktig å spela på lag med kroppen sin. Regelmessig trening er alltid viktig, men av og til må vi senka forventningane til kroppen vår og resultata den kan gje oss.
Du kan fint gje kroppen din litt rom når han treng det, for hugs at du har god tid til å jakta dei gode resultata. Du skal jo tross alt trena heile livet ut.
Torill Bakke
Fysioterapeut og personleg trenar
@torillbakke
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Tilgang til alt innhald for kun 5 kr i 5 veker
Vi set stor pris på at du vel å abonnera på Midtsiden, det hjelper oss på veg til å kunna dekka endå meir av alt som skjer i Os!
- Tilgang til alt innhald
- Utan bindingstid
- Moglegheit for fleire brukarar
Etter kampanjen blir abonnementet fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.