Vêret i Os | 17. feb. 2023

Stille før kuling

Melder tre timar med kraftig vind.

Os hamn fredag morgon. Her blir det nok stille også i ettermiddag, kast med kuling styrke kjem nemleg frå nordvest. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 17. feb. 2023 08:51

Det er meldt skyfri himmel og opphaldsvêr laurdag. Også mesteparten av søndagen skal ha opphaldsvêr.

Men før helga er heilt i gang er det venta stiv kuling og mykje nedbør.

Danskane kallar det uvêret «Otto», i Norge er det Rogaland og Sunnhordland som får det verst.

I 15-tida skal vindstyrken auka frå 2 til 12 m/s, altså liten kuling.

Vindstyrken kan koma opp i 13-14 m/s, med vindkast opp i 20 m/s (stiv kuling).

Vindretningen er frå nordvest, så det blir truleg framleis ganske stille i Os hamn, men meir vind i luggen i for eksempel Nordstrøno.

Vinden skal løya utover ettermiddag og kveld, ned i rundt 6 m/s frå klokka 21 og 4 m/s rundt midnatt.

Det er flo klokka 07.56 og 20.38 i Os i dag.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilgang til alt innhald for berre 145 kr i månaden

Di støtte gir liv til lokalavisa vår. Vi set stor pris på om du hjelper oss å spreia nyheitene!

  • Tilgang til alt innhald
  • Under 37 kr/veka
  • Utan bindingstid
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.