Stoppa på Halhjem etter uhell på Sandvikvåg

Eldre kvinne risikerer førerkortbeslag.

(Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 18. juli 2021 08:28

Laurdag i 14-tida blei det meldt om vinglete køyring på Sandvikvåg ferjekai, der førar hadde eit lite samanstøyt med autovernet.

Ingen personar blei skadd. Førar var ei kvinne i 70-åra.

– Ho blei stoppa då ho kom av ferja på Halhjem. Det var synlege merke på bilen etter møtetmed autovernet på Stord, fortel politioverbetjent Christine Grindstein.

Etter samtale med bilførar var patrulej i tvil om helsekrava til å køyra bil var innfridd. For å unngå risiko for nye og meir alvorlege trafikkuhell fekk kvinna pålegg om å levera inn førarkortet.

– Dette blir kalla forebygging via forvalting. Årsaka er uaktsam køyring og tvil om helsekrav er innfridd.

– Alle har sjølvstending plikt til å vurdera om dei er skikka til å køyra motorvogn på eintrygg måte.

Forvaltningssaka er sendt førarkortkontoret i Vest politidistrikt for vurdering.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Sommartilbod frå 5 kr
Få sommartilbodet

Abonnementet blir fornya kvar måned. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.