Skøyter | 15. mai 2021

Sverre blei operert fredag kveld

Hadde brot i begge armane etter sykkelulykka.

Sverre blei operert fredag kveld
Sverre Lunde Pedersen skal vera ved godt mot. (Foto: Norges Skøyteforbund)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 15. mai 2021 08:34

Sverre Lunde Pedersen blei fredag kveld operert på Ullevål sykehus etter sykkeluhellet torsdag.

Han blei operert for to mindre brot i venstre hand og eitt brot i høgre underarm på Ullevål sykehus, opplyser Norges Skøyteforbund.

– I tillegg er det påvist eit mindre brot i kinnbeinet, men dette krev ikkje operasjon.

Operasjonen var vellykka, og han blir liggande til vidare observasjon på Ullevål.

Sverre fekk òg ein skade på levera. Den er under kontroll og stabil.

– Vi ber om forståing for at Sverre no treng ro og kvile, seier generalsekretær Håkon Dahl.

Sverre blei skadd på sykkel på ein treningstur ved Nesvatn i Fyresdal kommune. Han skal ha køyrd i eit hol i vegen og hamna i grøfta.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.