Kultur | 25. apr. 2022

Tildelt forbundet sitt gjevast heidersteikn

Sølvtrompeten til Karl Ole Midtbø.

Karl Ole Midtbø stilte som konferansier for Os Musikkforening i Oseana i mars. To timar før blei han også beden om å dirigera korpset i generalprøven før NM. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 25. apr. 2022 10:43

Karl Ole Midtbø frå Os blei laurdag kveld tildelt Sølvtrompeten, som er Norges Musikkorpsforbund si høgaste utmerking.

Midtbø har vore både kultursjef og kommunaldirektør i Os kommune, han har vore dirigent for fleire korps og sidan 2013 vore tilsett som generalsekretær i NMF.

NMF skriv dette om utmerkinga:

Karl Ole Midtbø har hatt sitt virke som kulturformidler hele sitt voksne liv, han har vært en ettertraktet dirigent og administrator og en brobygger mellom profesjonelt musikkliv og korpsbevegelsen.

Han har i sitt arbeid lagt vekt på musikkens rolle for den enkeltes utvikling og for samfunnet. Samtidig har korpsene og korpsmusikkens rolle i det brede kulturbildet vært viktig og prioritert.

Karl Ole Midtbø har vært og er en sentral skikkelse i korpsbevegelsen og i NMF. Hans betydning for kulturlivet i regionen generelt og korpsmusikken spesielt er betydelig. Vi gratulerer!

Les ògGeneralprøve redda av generalsekretær

Seinast i mars fekk Karl Ole visa seg som ein allsidig og hjelpsam mann for lokalt kulturliv.

Han hadde frå før takka ja til å vera konferansier under Os Musikkforening sin Før NM-konsert i Oseana, og då dirigent Magnus Brandseth blei sjuk sa Midtbø, 2,5 timar før konsert, ja til å stilla som vikar.

– Eg skal innrømma at det første eg tenkte var «det går ikkje». Men det viktigaste er at korpset får denne gjennomgangen før NM, så eg måtte jo takka ja, sa Karl Ole til Midtsiden etter konsert.

Går av i juni

I februar blei Kjersti Tubaas tilsett som ny generalsekretær.

Les omtale av tilsetjinga av Tubaas på scenekunst.no.

Ho overtar når Midtbø går av med pensjon 1. juni i år.

NMF sine heidersteikn:
1. Sølvtrompeten
2. NMFs hederspris «Musikanten»*
3. Hederstegn for dirigenter
4. Fortjenstmedaljen
5. Hedersdiplomet*
6. 70-årsmedaljen
7. 60-årsmedaljen
8. 50-årsmedaljen
9. 40-årsmedaljen
10.30-årsmedaljen
11. 20-årsmedaljen

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Fra 36 kr/uke
Se priser

Abonnementet blir fornya kvar måned. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.