Båt og sjøliv | 30. juni 2021

To feilparkeringar i helga

Ber eigarane flytta båtane.

To feilparkeringar i helga
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 30. juni 2021 13:08

Både fredag og måndag blei det oppdaga båtar som ligg på andre sin plass.

– Eg har leigd ut båtplassen min til ein som sa opp. Då ny båt skulle inn låg det ein der frå før, seier eigaren av ein båtplass i den store hamna ved Askvik Sjø og Fritid.

– Det viser seg at denne seglbåten har lagt der i minst ein månad, legg han til.

Eigar varsla politiet, som viste til at det er grunneigar si utfordring å løysa saka. I løpet av helga fann han ut kven eigar er.

– Vi har dialog, eg reknar med det løyser seg.

På privat kai i Os hamn

I tillegg ligg det ein framand båt mellom Oselvarverkstaden og eit privateigd naust nær Osbrua.

– Den har lagt her sidan søndag kveld eller natt til måndag, og eg har ikkje sett folk i eller ved båten.

– Eg har vore i dialog med eigar av nabonaustet, som heller ikkje kjenner til denne, seier dagleg leiar ved Oselvarverkstaden Vidar Langeland.

Båteigar blir oppfordra å fjerna båten snarast.

OPPDATERT: Båteigar meldte seg onsdag, og har blitt einig med eigar av privat naust om båtplassen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.