Politi | 01. aug. 2022

To menn bomma på formen

Den eine blei vist vekk frå sentrum, den andre blei eskortert til legevakt.

Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 01. aug. 2022 07:57

Politiet fortel om ei ganske roleg helg i Os, men både natt til laurdag og natt til søndag blei det behov for å reagera.

I 00.30-tida natt til laurdag blei ein mann i 20-åra vist vekk frå Os sentrum grunna dårleg framferd, fortel politioverbetjent Anne Lyssand.

Han fekk pålegg om å halda seg vekke til klokka 08 laurdag morgon.

I 03.30-tida natt til søndag fekk patruljen kontakt med ein mann som framsto som «overstadig berusa».

– Ambulanse blei kontakta. Mannen, som er i 70-åra, var vanskeleg og kverulerande, så patruljen følgde ambulansen til legevakt.

– Etter legesjekk køyrde dei han heim, fortel Lyssand.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Fra 36 kr/uke
Se priser

Abonnementet blir fornya kvar måned. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.