Politi | 29. juli 2022
Utforkøyring i Mobergsbakken
Bilførar køyrd til legevakt etter møte med mur.

Kjetil Vasby Bruarøyfredag 29. juli 2022 07:08
Klokka 23.59 torsdag opplyste 110-sentralen om trafikkulykke i Mobergsbakken.
Klokka 00.10 fortalte Vest politidistrikt at også dei var på staden.
– Ein bil har køyrd i fjellveggen. Førar er ute av bilen, vaken og bevisst.
Det er ikkje mistanke om køyring i rus, men bilførar, ei kvinne i 50-åra, erkjenner å ha vore uoppmerksam.
– Det er tatt beslag i førarkortet, noko bilførar ikkje samtykka til, fortel politioverbetjent Anne Lyssand.
Vedkomande blei køyrd til legevakt for sjekk. Politiet har oppretta sak.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Bli medlem du også!
Di støtte gir liv til lokalavisa vår.
- Tilgang til alt innhald
- Utan bindingstid
- Fra 36 kr/uke
Abonnementet blir fornya kvar måned. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.