To menn mistenkte etter slåstkamp
Fornærma blei køyrd til sjukehus.
I 23.50-tida fekk politiet melding om slåsting i Os sentrum.
Ein mann låg i bakken, og det var aggressiv stemning på staden.
– Det skal ha starta ved banken i Torggata, med at ein av dei involverte blei slått, og flytta seg ned til Brugata, fortel politioverbetjent Anne Lyssand.
Der skal ein mann ha blitt slått bevisslaus. Han blei lagt i stabilt sideleie, og det var amper stemning på staden.
Fornærma, ein mann i starten på 30-åra, blei køyrd til Haukeland universitetssjukehus.
Politiet fekk kontroll på to mistenkte, ein mann i starten på 30-åra og ein mann tidleg i 20-åra.
– Dei to blei dimitterte etter avhøyr. Det er oppretta sak, fortel Lyssand.
(Midtsiden kjenner til at det er lagt ut nokre blomar og lys i Brugata. Desse er ifølgje politiet ikkje knytt til slåstkampen eller personskade i samband med denne)
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Tilbod: 1 månad for 1 kr
No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.
- Tilgang til alt innhald
- Utan bindingstid
- Frå 145 kr/md.
Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.