Jakt, fiske og natur | 24. mai 2021

Tørkar ut før sesongstart

Melder 18 gradar og sol siste veka i mai.

Tørkar ut før sesongstart
Oselvo i dag - og dagens måling av vassføringa lengre oppe i Osvassdraget, ved Røykenes. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy/NVE)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 24. mai 2021 11:22

For ei veke sidan, måndag 17. mai, gledde elvefiskarane seg over observasjon av laks i Os hamn, dei største opptil (truleg) 10 kilo tunge.

Men Oselvo er avhengig av høg vassføring for at fisket skal bli godt, og det ser ikkje fuktig ut fram mot sesongopning 1. juni.

Det har vore tørt i Os både i april og mai. I Bergen var nedbørsmengda 37 % under normalen i april.

Litt regn i går ettermiddag blir følgd opp av nokre regnbyger i kveld og natt til tysdag.

Men så skal det bli sol og endå høgare temperaturar ut veka og gjennom neste helg.

Det er meldt opphaldsvêr frå klokka 08 tysdag. Resten av dagen blir overskya.

Frå onsdag er det meldt sol, stigande temperatur og svak vind.

Yr melder 17 gradar onsdag, så nedom 15 gradar og opp igjen til 17 og 18 gradar til helga.

Storm melder stort sett 3 gradar kaldare per dag.

Sjå vêrvarsel frå Yr og Storm på VG Pent

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.