Jakt, fiske og natur | 11. mai 2021

75.000 kroner i støtte til sjøaureprosjekt

Sjøaurebestanden i Oselvo har eit enormt potensiale. No skal den få betre gytevilkår.

75.000 kroner i støtte til sjøaureprosjekt
Sjøaurebestanden ser ut til å vera i framdrift i Oselvo, no skal den få betre gytevilkår i tillegg.
Ørjan Håland
Ørjan Hålandonsdag 12. mai 2021 12:34 - Sist oppdatert 11. mai 2021

Formann i Oselvvassdragets forvaltningslag, Roald Helle, kan fortelja om innvilga pengeutbetaling til lokalt sideelvprosjekt kring Oselvo.

Søknaden omhandla å forbetra sideelvene, ved å blant anna få spreia gytegrus i Baronselvo, Vallaelvo, Tysdalselvo og Kvernelvo.

– Dette var svært gode nyheiter! Frå før av har vi fått 60.000 kroner til dette prosjektet, no fekk vi yttarlegare 75.000 kroner. Det betyr at vi blir godt rusta til å betra gyteelvene til sjøauren, seier gladlaksen Roald Helle.

Men det er fortsatt ein vesentleg del som enno manglar før arbeidet kan starta.

– No manglar vi berre å få godkjent søknadene om å få gjennomføra denne forbetringa. Men uansett kjekt at pengane allereie er på plass, det gir vel eit ekstra håp om at søknadane kjem til å gå i orden også.

Sjøaure på veg opp Oselvo. (Foto: Olav Moberg)
Sjøaure på veg opp Oselvo. (Foto: Olav Moberg)

Graving med maskin

Dette prosjektet kan ikkje berre belaga seg på dugnadsarbeid, det må sterkare krefter til på enkelte plassar.

– Det må gravast med maskin for å fjerna ei stemme i Vallaelvo, og så blir det sjølvsagt mykje dugnad som vi sjølv kan syta for å få gjort. Vi må kjøpa inn ein god del grus, det må fjernast ein del unødig stein, og så må vi forsterka dei plassane som allereie kan fungera som gyteplassar, seier Helle.

– Vi har ein veldig god og solid dugnadsgjeng, men vi veit òg at det er eit ekstra miljø kring sjøauren. Det vil ikkje overraska meg om det vil bli eit ekstra godt dugnadsteam kring dette prosjektet.

Fleire sideelvar skal forbetra gyteforholda sine. (Foto: KVB)
Fleire sideelvar skal forbetra gyteforholda sine. (Foto: KVB)

Gyteklar til hausten

Med klar oppfatning av kva arbeid som gjenstår i sideelvene, ser Helle for seg å bli ferdig til hausten.

– Målsettinga vår er å bli ferdig med sideelvene innan 15. september. Det er litt avhengig av når vi får svar på søknadane, så vi er sjølvsagt litt ekstra utålmodige no når vi allereie har fått pengane i boks, seier Helle.

– Får vi svar på søknadane innan ferietider, så kjem vi til å klara å landa dette arbeidet i tide til fisken skal gyta i haust.

Sjøaure på veg opp Oselvo. (Foto: Olav Moberg)
Sjøaure på veg opp Oselvo. (Foto: Olav Moberg)

Enormt potensiale

Helle legg ikkje skjul på at sideelvene til Oselvo byr på eit enormt potensiale, spesielt for sjøauren.

– Vi har Vallaelvo, for eksempel, som til saman er på heile sju kilometer med både sjø og innsjø.

– Det er jo i grunn på lengde med eit vanleg norsk vassdrag. Så det er jo klart at utbetring av denne kan skapa mykje god gyting.

– I tillegg kan vi sjå at det allereie går mykje stor og fin sjøaure opp i elvo, frå fire til seks kilo. Klarar vi å leggja skikkeleg til rette for gytemoglegheitane til desse fiskane, så blir dette knallbra, avsluttar Helle.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.