Brann og beredskap | 06. apr. 2022

Ulik tryggleik heime og på hytta

– Spesielt to ting kan utgjera ekstra risiko i påsken, seier Svein Rune Frantzen.

Sjekk røykvarslaren kvar gong du er på hytta, oppfordrar Svein Rune Frantzen frå Bjørnafjorden brann og redning. (Foto: Privat)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 06. apr. 2022 13:13

Det nærmar seg påskeferie, og fleire skal på hyttetur.

Anten du reiser til fjells eller skal feriera i ein av dei over 3.700 fritidsbustadane i Bjørnafjorden brann og redning sitt nedslagsfelt, er det to faktorar som kan skapa auka risiko i forhold til heime.

– Du har gjerne skifta batteriet i røykvarslaren heime, men kanskje du ikkje skifta på hytta i same slengen? spør Svein Rune Frantzen frå Bjørnafjorden brann og redning.

– Du bør sjekka batteriet kvar gong du er på hytta, og du bør ha eit reservebatteri liggande klar.

Ein annan faktor, om det først byrjar å brenna, er at det kan ta noko lengre tid å få hjelp.

– Mange hytter ligg utanfor allfarveg. Derfor bør du ikkje ta ferie frå branntryggleiken i påsken heller.

I tillegg kjem generelle faktorar som eldre utstyr, meir bruk av gass og mindre moderne metodar for oppvarming.

Brannvernforeningen si sjekkliste for brannsikker hytte:
• Sjekk røykvarslarane kvar gong du bruker hytta
• Ha alltid ekstra batterier i reserve
• Sørg for rikeleg tilgang til slokkeutstyr
• Gå aldri frå levande lys
• Ikkje bruk peis eller omn som tørkestativ
• Deponer og kast askeavfall på ein forsvarleg måte
• Ikkje gå frå hytta med elektriske apparat i bruk
• Ver ekstra varsam ved bruk av gass. Sjekk utstyr og slangar jamleg
• Bruk godkjente fagfolk til utbetringer som krev dette

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilgang til alt innhald for berre 145 kr i månaden

Di støtte gir liv til lokalavisa vår. Vi set stor pris på om du hjelper oss å spreia nyheitene!

  • Tilgang til alt innhald
  • Under 37 kr/veka
  • Utan bindingstid
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.