Samferdsle | 05. jan. 2022

Vann anbodsrunde på vedlikehald av veglys

Avtalen gjeld både fylkeskommunale og kommunale vegar.

Vann anbodsrunde på vedlikehald av veglys
Lange mørke strekk skal utbetrast innan ei veke, skriv kommunen. (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 05. jan. 2022 14:05

Eviny (tidlegare BKK Enotek) har vunne anbodsrunden for drift og vedlikehald av veglys langs kommunale og fylkeskommunale vegar i Bjørnafjorden kommune, opplyser kommunen i dag.

Fusa kraftlag har hatt driftsansvar for veglys i tidlegare Fusa kommune.

Frå 1. januar 2022 har Bjørnafjorden kommune inngått ein felles kontrakt med Eviny som gjeld for heile kommunen.

Registrerte feil per i dag. (Kjelde: BKK)
Registrerte feil per i dag. (Kjelde: BKK)

Du kan melda feil på veglys og registrera feilen i kart på denne lenka.

Enkle mørke lampar skal bli utbetra innan fire veker og lange mørke strekk innan éi veke.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.