Lokal | 04. feb. 2019

– Vestland Venstre har snudd i Hordfast-saka

Glenn Erik Haugland krona brumotstand-verket etter hard kamp på fylkesårsmøtet i Vestland Venstre.

– Vestland Venstre har snudd i Hordfast-saka
F.v.: Tore Rykkel, Astrid Dale og Glenn Erik Haugland på fylkesårsmøtet i Vestland Venstre. (Privat foto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 04. feb. 2019 10:50

I helga har Vestland Venstre gjennomført årsmøte i Jølster.

Frå Os stilte Tore Rykkel, Astrid Dale og Glenn Erik Haugland som representantar for Bjørnafjorden Venstre.

– Alle solemerke sa at vi skulle klara å få fylkespartiet til å snu, så vi fekk skrota bru over Bjørnafjorden, seier Glenn Erik Haugland.

Trass støtte frå Bergen Venstre blei det ei helg med kamp, gruppemøte og mange turar på talarstolen for Haugland.

– Eg opplevde det som at sunnhordlendingane, som ønskjer midtre trasé, la press på fylkesstyret. Eg måtte heilt i kjellaren for å henta fram mi djupaste røst. Det blei ein kamp, seier Haugland.

– Sjølv om formuleringa vi til slutt blei einige om, ikkje nemner Hordfast konkret, ser eg på vedtaket som ein siger, som krona på verket.

Prioriterer Bergen-Voss

Bjørnafjorden Venstre hadde formulert eit forslag til vedtak, men fylkesstyret ønskte i utgangspunktet ikkje å vera spesifikke på bestemte samferdsleprosjekt.

– Det er val i år og folk vil ha svar på kvar vi står. Det handlar om fornuftig bruk av pengar, og om ikkje å gjera unødig skade på friluftsområde. Vi fekk heldigvis, etter mange diskusjonar, laga ei formulering som vi samstemt gjekk inn for.

Dette er formuleringa som blei vedtatt: Vestland Venstre vil prioritera utbygging av veg/jernbane mellom Bergen og Voss (K5) og gul midtstripe på heile E39 i Vestland fylke.

Dette er det einaste prioriterte prosjektet som er nemnt i samferdselskapittelet i Vestland Venstre sitt program.

– Eit fleirtal mot bru over Bjørnafjorden

Haugland fortel om partifeller som i førre runde argumenterte for midtre trasé, no har snudd og snakka varmt om indre trasé.

Før stortingsvalet i 2017 nekta han å driva valkamp for partiet grunna fylkespartiet si manglande handtering av ein resolusjon om Hordfast.

– Eg føler meg trygg på at vi hadde hatt solid fleirtal om vi ville ha banka indre trasé gjennom, men enda med å vedta å prioritera E16 Bergen-Voss.

– Kva kan vedtaket ha å seia for rikspolitikken til Venstre?

– Dei skal lytta til oss lokalt. Vi har ei stortingsgruppe med fleire brumotstandarar, men denne har tidlegare vore bunden av Hordaland Venstre sitt vedtak i 2013 om midtre trasé. No kan dei lytta til eit Vestland Venstre som vil prioritera Bergen-Voss.

• Les òg:
– Rett mann for rett trasé (2013)
– Vi var nær på å kjøpa champagne (2017)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.