VG: Søviknes har fått hummar-bota si
Gløymde å rapportera inn kor mange humrar han hadde gåande etter at fisket i 2023 var over.
Laurdag 30. november kom ordførar og hummarfiskar Terje Søviknes med ei påminning til innbyggarane med same hobby.
1. desember var sesongen over, og dei som sparer opp hummar til jul må rapportera inn desse før fisket er over.
Bakgrunnen var at han året før, for første gong, gløymde den same fristen.
I dag skriv VG, som viser til Fiskeribladet, at Søviknes no har fått bota si.
Søviknes må ut med 15.000 kroner for manglande rapportering av oppbevaring av 36 humrar i desember 2023.
I tillegg får han eit inndragningsførelegg på 3000 kroner, som skal tilsvara prisen på ti brukte teiner.
– Pinleg, seier Søviknes til Fiskeribladet.
– Eg har valt å akseptera konklusjonen, eg vil ha saka ut av verda, seier han til Midtsiden.