Kampsport | 20. aug. 2021

Vidar Mjånes dømmer i karate-EM

Vidar Mjånes, leiar i Os Karateklubb, representerer Noreg som dommar i junior-EM i karate i Finland i helga.

Vidar Mjånes med diplom for oppgradert europeisk dommarlisens, «kumite judge A». (Foto: Os Karateklubb)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 20. aug. 2021 06:13

Europameisterskapen for juniorer startar fredag, men Vidar Mjånes frå Os Kareteklubb har vore heile veka til kursing og streng testing for oppgradert Europeisk dommarlisens.

Torsdag vart det klart at Mjånes bestod både teoretisk og praktisk test.

– Vi er veldig stolte over Vidar sine prestasjonar! Karate er ein stor idrett med mange titalls millioner utøvarar, og det er knallharde krav for å bli dommar internasjonalt. Den lisensen Vidar klarte no, er det berre nokre få nordmenn som har oppnådd tidlegare, seier Cato Bruarøy, hovudinstruktør for Os Karateklubb.

38 år sidan start

Vidar Mjånes var ein av grunnleggjarane av Os Karateklubb i 1983.

Som utøvar har Mjånes tatt fleire internasjonale medaljar, som bronse i kamp i VM i stilarten Wado i 2013, og sølv i stilart-VM i kata hausten 2017.

Dei siste åra har han gjort lynkarriere nasjonalt og internasjonalt som dommar. Han kom også gjennom nålauget som gjorde at han kunne dømma senior-VM i russiske Sotchi i 2018.

Vidar Mjånes med den nyerverva europeiske lisensen. (Foto: Privat/Frank Baggen)
Les ògVidar Mjånes fekk europeisk dommarlisens

– Vidar har også bidratt sterkt som tillitsvald lokalt, understreker Bruarøy.

Nytt i år - nybyrjarkurs for vaksne

Os Karateklubb er i gang i nytt kampsportlokale i Os idrettspark, ved sidan av treningstid i dobbelthallen.

F.v.: Vidar Mjånes, Cato Bruarøy og Svein Erik Henne har alle trent karate sidan 1980-talet. No gler dei seg over ny dojo. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Les ògPå plass i nytt kampsportlokale

– Vi har no over 120 medlemmer og venteliste for barn som vil trena karate.

I haust startar klubben eigne nybyrjarkurs for ungdom og for vaksne i nytt lokale over Osbadet.

– Det er klart at internasjonale prestasjoner som det Vidar Mjånes viser, er inspirerande for oss andre i klubben. For dei som konkurrerer er det også fint å ein toppdommar til å forklare regelverk og som er oppdatert på utviklinga i sporten, sier Bruarøy.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilgang til alt innhald for berre 145 kr i månaden

Di støtte gir liv til lokalavisa vår. Vi set stor pris på om du hjelper oss å spreia nyheitene!

  • Tilgang til alt innhald
  • Under 37 kr/veka
  • Utan bindingstid
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.