Båt og sjøliv | 18. mars 2022

– Vil du rydda? Vi kan henta!

Laurdag er starten på fleire veker med strandrydding.

– Vil du rydda? Vi kan henta!
Os Rotary har hatt hovudansvaret for aksjonen dei siste åra, her i 2019.
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 18. mars 2022 09:00

Os Rotary Klubb har fornya avtalen med Bjørnafjorden kommune om å koordinera og transportera under vårens strandrydding, men har no med seg Lions Fusa til å ta Fusa-sida av fjorden.

– Barnehagar, skuleklassar og frivillige ryddar gjerne utover heile våren, men vi tar ein oppstart laurdag, fortel Hans Anton Kleiven frå Os Rotary.

Laurdag 19. mars er også oppstart for strandrydding over store delar av landet.

Rotary lager ein base på den nye parkeringsplassen ved Smievågen frå klokka 11 til 13.

Der skal dei montera ein benk og sjølv rydda friluftsområdet.

– Om folk vil rydda andre stadar, kan dei koma innomtil oss og henta sekkar og hanskar.

– Om dei ikkje har sjanse å ta sekkane til Bir sjølv, kan vi henta med båt eller bil, legg han til.

– Det gjeld også seinare på våren.

Ta omsyn til fuglelivet

Hold Norge Rent er glad for alle frivillige som ryddar, og håper mange kjem seg ut til stadane der fuglar hekkar så snart som mogleg.

– Det er fint om folk kjem seg ut til desse områda før fuglane kjem. Men hekkinga startar enkelte år tidlegare enn elles, og dei kan hekka utanfor område der det er ferdsleforbod.

– Då er det ekstra viktig å vera varsam, seier prosjektleiar for opprydding, Heidi Gromstad frå Hold Norge Rent.

Kleiven seier Os Rotary vil tidleg ut med båt for å rydda Raudholmane og andre område med ferdsleforbod.

Aryan Nygard med storfangst på Raudholmane. (Foto: Ørjan Håland)
Les ògOseana sendte elevar på strandrydding på Raudholmane

– Om vi uroar hekkande fugl, risikerer vi at dei forlet området og ikkje kjem tilbake, seier Heidi Gromstad.

Alle som ferdast i nærleiken av område med ferdselsforbud, må halda ein avstand på minst 50 meter til desse områda.

Område med ferdsleforbod i Bjørnafjorden kommune. (Kart: Miljødirektoratet)
Område med ferdsleforbod i Bjørnafjorden kommune. (Kart: Miljødirektoratet)

Det er ikkje lov å køyra båt, vannskuter, eller drone i nærleiken av område med ferdsleforbod. Det er heller ikkje lov å gå i land eller å sleppa hunden laus nær områda.

Nokre stadar startar ferdsleforbodet 15. mars, og det er ikkje lov å rydda staden etter denne datoen. I Bjørnafjorden gjeld er det 15. april som gjeld, i alle fall på Raudholmane og Sandholmane (vi har ikkje sjekka alle).

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.