Lokal | 18. des. 2018

Ville selja barnehagen til Os kommune

Tilbodet blei avslått i lukka møte på Sandsli.

Ville selja barnehagen til Os kommune
Borgafjell Barnehage. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 18. des. 2018 15:40

Os kommune har fått tilbod om å kjøpa Borgafjell Barnehage.

Saka er, av forretningsmessige omsyn, unntatt offentleg innsyn. Men tittelen på saksdokumentet fortel kva den handlar om.

«Kjøp av Borgafjell Barnehage AS» er journalført på postlistene til Os kommune 15. november med brev til advokatfirmaet BDO AS 21. november.

Interessert, men takka nei

Ut frå desse opplysingane stadfestar rådmann Christian F. Fotland at gruppeleiarane og Os formannskap drøfta eit tilbod i lukka møte under budsjettkonferansen på Sandsli 14. november.

Midtsiden har fått tilsendt vedtaket:

«Os Formannskap ser ikkje at kommunen, på det noverande tidspunkt, er i stand til å gå inn i ein Due Dilligens med mål om å kjøpa Borgafjell Barnehage AS. Tidsløpet for planlagt sal av selskapet, er for knapp til at kommunen kan gjera ei grundig nok vurdering av eit eventuelt kjøp.»

Vedtaket var samrøystes.

– Borgafjell Barnehage er interessant for Os kommune, ikkje minst då barnehagen blir nabo til ny skule på Hjelle, men ikkje til dei vilkåra som låg i tilbodet, seier Fotland.

• April 2018: Gisle Hesjedal (Ap) ba rådmannen kjøpa barnehagen

Nye forhandlingar?

Eigarane, og advokatfirmaet som svaret frå kommunen blei sendt til, har fått høve til å kommentera saka.

Der stilte vi spørsmål om kvifor dei vil selja barnehagen, om dei har fleire potensielle kjøparar eller om dei vil i nye forhandlingar med Os kommune.

Barnehagen har vore gjennom eit vanskeleg år, men ting ser no ut til å gå betre, blant anna med vekst i mengda born.

Vi kjem tilbake om vi får svar.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.