Lokal | 16. des. 2014

– Ha kontroll på økonomien

Kommunereforma: God økonomi og infrastruktur det viktigaste for osingane.

– Ha kontroll på økonomien
Vedlikehald av kommunale vegar og gang/sykkelvegar langs vegane er viktig for osingane (foto, rett nok frå ein fylkeskommunal veg i kommunen: Andris Hamre)
Andris Hamretirsdag 16. des. 2014 12:47

I kveld, tysdag, held kommunestyret det som bør vera det viktigaste møtet i året. I kveld skal nemleg budsjettet for 2015 og økonomiplanen for dei kommande åra drøftast og dei lange linene skal bli lagt.

Les òg:
To bøtter gull
Dyrare vatn, billegare boss
Vil bygga ut for 220 millionar
Meir til skule og idrett
Uroa for ventetida hos PPT
22 millionar til hamn og bubilparkering
Auka budsjettet med 9,94 millionar

Økonomistyring viktigast

I samband med undersøkinga Midtsiden har gjort blant sine lesarar ba vi dei 596 som svarte, fortelja oss kva som etter deira meining var det viktigaste politikarane kunne prioritera.

Svara vi fekk, overraska redaksjonen til ein viss grad. Vi hadde kanskje trudd at det var dei nære tinga som skulle toppe lista, men Midtsiden-lesarane er mer vakne enn som så.

Det viktigaste politikarane kan gjera, uansett om kommunen blir slått saman med ei eller fleire andre kommunar, eller om vil blir ståande aleine er å halde orden på økonomien.

Det bør politikarane ta med seg når dei i kveld drøftar budsjettet for neste år.

Veg og samferdsel

I tillegg er det interessant å sjå at infrastruktur, som effektive transportårer, vedlikehald av kommunale vegar og busstilbod i heile kommunen kjem på topp en av lista, mykje høgre enn skule og barnehagar, som oftast skapar debatt når politikarane møtast.

Rett nok skal det seiast at vi i undersøkinga har ein liten overrepresentasjon frå dei som er mellom 41 og 70 år, noko som kan påvirka kva dei er opptekne av.

Dette prioriterar osingane

Vi stilte spørsmålet: «Kva meiner du er dei viktigste tinga politikarane må tenkja på ved ei eventuell samanslåing?»

Det var mogleg å kryssa av for meir enn eit alternativ, noko som gjer at summen av antal "røyster" blir høgre enn dei 596 som deltok i undersøkinga.

Tema Absolutte tal Kommunen sin økonomi 156 Effektive transportårer 148 Fleire sjuheimar/omsorgsbustader 147 Vedlikehold av kommunale vegar 142 Friluftsområde 128 Busstilbod i heile kommunen 125 Gang- og sykkelvegar lags kommunale vegar 123 Nye næringsareal 113 Barnehage nær der eg bur 90 Ope omsorg/heimetenester 89 Skular i “kvar grend” 88 Idrettsanlegg/-plassar 84 Nye bustadareal 82 Større og færre skular 78 Vatn og avlaup 77 Landbruksområde 54 Kor rådhuset skal ligga 31

Les meir frå undersøkinga:

Delt syn på samanslåing
Ein av fire vil til Bergen

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.