Båt og sjøliv | 10. aug. 2022

Arrangerer ei helg i robåt og telt - med ro-inn-kino!

– Det er ledig plass i blant anna åttæringen Berit har bygd, fortel Kjell Magnus Økland.

Arrangerer ei helg i robåt og telt - med ro-inn-kino!
Åttæringen Berit Osmundsen bygde ferdig i fjor, her flankert av ei anna lokal skute. (Foto: Vestland Fylkeskystlag)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 10. aug. 2022 07:55

Til helga er det tid for «Den Store Roen», ei familievenleg helg med roturar, overnatting og historieforteljing.

– Den Store Roen vert arrangert kvart år av eit lokalt kystlag i samarbeid med Vestland Fylkeskystlag. Eitt år gjekk ruta frå Fanafjorden til Lysefjorden, i år held me oss rundt Godøysund, med base på Solstråleøya, fortel Kjell Magnus Økland.

Den låge påmeldingsavgifta dekkar tre varme måltid gjennom helga. Deltakarane kan sjøsetja på Lunde på Tysnes eller ro over fjorden.

– Det meste me har vore oppe i er vel rundt 55 deltakarar. Til no har me 24 påmeldte, fleire av dei er frå Os, og skal ro over fjorden fredag ettermiddag.

Det skal vera eitt ledig sete i den unike åttæringen Berit Osmundsen frå Oselvarverkstaden ferdigstilte i fjor.

– Dei som heller vil ha ein robåt for seg sjølv, men ikkje har båt, kan spørja oss. Me har fleire me kan låna vekk.

Osmundsen prosjekt utstilt utanfor Oselvarverkstaden i fjor sommar. Fredag skal båten på helgetur på Tysnes. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Osmundsen prosjekt utstilt utanfor Oselvarverkstaden i fjor sommar. Fredag skal båten på helgetur på Tysnes. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Den Store Roen 2022 blir arrangert av Tysnes Kystlag, Solstråleøya Venelag, Vestland Fylkeskystlag og Kystkultur.no.

Roturane i år skjer i området kring Godøysund på nordsida av Tysnes, med Solstråleøya som base og utgangspunkt.

– Roturane passar både unge og gamle, me skal siga sakte gjennom smale sund, under låge bruer og over grunt farvatn, der ungane kan henga over ripa og sjå etter krabbar.

Her er bilde av fleire stoppestadar den komande helga:

Helga startar med lapskaus på Solstråleøya og natroing til ro-inn-kino i Småsundet, der publikum sit i båtane og ser film på lerret.

Seinare i helga skal deltakarane blant anna få høyra historar om ein spanande engelskmann og kong Olav sin første eigedom i Noreg, østersproduksjon, drukning på 1700-talet, hotelldrift og hotellbrann, skottehandel, arkitektur, kolerakyrkjegard, sakrale stadnamn, kyrkjeveg i gamal tid og mange andre ting som har gått føre seg i området.

Heile programmet er ramsa opp på kystkultur.no

– På kveldane kjem det også ofte kjekke historiar frå deltakarane sjølv, gjerne med relevans til staden me er på eller båtliv i området,fortel Økland.

Under ser du video frå Den Store Roen 2021:

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.