Delar av Os gjestehamn i kveld. Bubilparkeringa på Steinneset i bakgrunnen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Auka besøk i Os gjestehamn

Frå 2017 til 2018 var det meir enn ei dobling. Trass rekordvarme i fjor har Os hamn endå fleire gjestar i år. 

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

I 2018 stilte Os gjestehamn med ny bubilparkering og GoMarina-app som ny betalingsløysing.

Samtidig var det frå mai på plass nye webkamera over og under vatn i hamna - i tillegg var det 25 varmegradar og sol nesten samanhengande frå 15. mai og ut juli, med varmerekord i slutten av juli.

«Meir enn dobla besøk i hamna» skreiv vi 17. juli i fjor.

I løpet av juni og halve juli hadde Os gjestehamn til saman 437 registrerte overnattingar (samla tal for bubil og båt).

I år har vi hatt fleire fine dagar, men forsommaren var kald og starten på juli var våt. Likevel har vi i løpet av juni og juli fram til i dag hatt endå fleire gjestar.

501 på land og vatn

Frå 1. juni til 17. juli har vi hatt 501 gjestedøgn døgn med bubilar og båtar. Kor mange gjestar vi har hatt kjem an på kor mange som har vore om bord i bil og båt.

– Det er 360 båtar og 141 bubilar, fortel hamnesjef Gitle Smaadal frå Os brannvesen.

102 av dei betalande brukte automat, så fordelinga mellom båt og bubil er noko uviss. Dei som bruker appen kjem det tydelegare fram hos.

– I tillegg til veksten er det gledeleg å sjå at vi får færre telefonar frå folk som har spørsmål om betaling. Stadig fleire bruker appen, og den fungerer veldig bra.

Tar vi med mai er vi oppe i 613 bubilar og båtar, mens juli åleine består av 133 båtar, 47 bubilar og 42 på automat (uvisst om bil eller båt).

Frå 1. mai til i dag har det blitt leig dusj 43 gongar og vaskemaskin 10 gongar. 

Kan få vidare vekst

Årsaka til årets auke er uviss, men Os kommune har vore frampå når det kjem til hamna.

I vinter blei bølgedempinga utanfor hamna komplett. Før Osdagane kom pumptrack på plass ved gjestebrygga, ein installasjon som har vore svært populær frå dag éin.

Os kommune med Liv på Øyro-utvalet har ambisjonar om fleire oppgraderingar, blant anna flytting av næringskai på utsida av moloen ved Peppes, noko som vi frigje endå fleire lune båtplassar.

Fleire saker