Anders Arefjord sin Nor Tech 47 har 2 x 1.850 hk og går i 174 knop. Her på Os kai i pinsen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Deltar i Poker Run med rekordbåt

3.700 hk - 174 knop: Anders Arefjord sin båt blei klar i går kveld. I dag køyrer han poker run innom Øyane og Halhjem.

image
image
image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Gründer Anders Arefjord frå Os har hatt sans for spesielle køyretøy og raske båtar i mange år.

I 2009 kjøpte han RibCat 38, som med 104 knop var verdas raskaste rib. Anders skifta ut 1050 hk med 1350 hk, men fekk ikkje optimalisert båten. I staden køyrde han Bergen Poker Run «på tomgang» i 70 knop.

• Les òg: Monsterfabrikken i Hegglandsdalen

Sette europeisk rekord

I dag deltar han i Bergen Poker Run, som skal innom både Vedholmen og Halhjem, med ein Nor Tech 47 som han kjøpte i USA i fjor.

Båten har to turbinmotorar, kvar av dei på heile 1850 hestekrefter. Den blei bygd i 2007, sette ny norsk rekord i Arendal i 2008 og, ifølgje denne reportasjen då førre eigar kjøpte båten, ny europeisk rekord for fritidsbåtar med 200 mph (174 knop).

Med andre ord; over 100 knop raskare enn dei raskaste vannskuterane!

Båten kom startklar til Noreg i fjor, men blei først klar for Poker Run fredag kveld.

– Vi fekk tull med ein startar på den eine turbinen, og måtte bestilla ny frå USA, sa Anders til Midtsiden då båten blei sjøsett i Os hamn i pinsen.

I går kom startaren. Den blei montert i ein fei, og i går kveld kunne du høyra og sjå Nor Tech-en buldra ut av Os hamn på prøvetur.

– I fjor kom båten for seint til at vi rakk Poker Run, no gler vi oss veldig! Båten gjekk fint i går, det blir spennande å sjå kva fart vi får den opp i under Poker Run i dag, seier mannskap Hans Erik Cosworth Lygre mens Arefjord er på førarmøte laurdag morgon.

Dagens program

Klokka 11 i dag går Bergen Poker Run ut Vågen i Bergen for å køyra forbi Fana til Os.

I fjor var det 40 fartsvidunder som deltok, mot 22 året før.

• Les òg: Rekordmønstring på Vedholmen

Deltakarane er venta å koma i høgfart frå Fana mot Strøno og Os frå klokka 12.15 i dag. 

Ruta går ikkje under Strønebruo, som i 2017 og tidlegare, men forbi Ervikane og inn Strøneosen.

Klokka 13 skal dei køyra frå Vedholmen, klokka 13.20 blir det i høg fart frå Bjørnatrynet retning Bakkasund.

11.00: Kortesje ut Vågen
11.30: Start i Byfjorden (Sandviksflaket)
12.10: Start frå Hjellestad til Fanafjorden
12.15: Start i Fanafjorden
13.00: Start frå Vedholmen
13.20: Start frå Bjørnatrynet
14.00: Start frå Bakkasund
14.15: Lunch på Panorama Hotell
15.45 – Start frå Panorama Hotell
16.45 – Start frå Askøybroen
16.15 – Start frå Liaskjeret (valfri fartsetappe rundt Bjorøy med mål ved Cornelius på Holmen).
19.30 – «Award dinner» på Radisson Blu Royal Hotel i Bergen
20.30 – Pokerbord og premieutdeling

Det blir delt ut premie i desse kategoriane:
Best in Show
Beste pokerhånd
Raskaste båt
Ærespris

Fleire saker