Helse | 07. okt. 2021

Demens: Startar kurs for pårørande

Spesialist Audun Myskja kjem til Luranetunet for å gi råd.

Demens: Startar kurs for pårørande
(Ill. foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 07. okt. 2021 12:58

Bjørnafjorden kommune har oppretta «pårørandeskulen», eit kurstilbod til deg som har eit familiemedlem eller ein nær venn med demenssjukdom.

Pårørandeskulen er open anten personen med demens bur i eigen heim eller på institusjon.

– Gjennom fagleg påfyll, plenums- og gruppesamtalar får du kunnskap om demens, og innsikt i kva følgjer sjukdomen kan gi for personen med demens, deg som pårørande og øvrig familie. Du møter andre pårørande i same situasjon og fagpersonar med kompetanse på området, opplyser kommunen.

Skulen går i kantina på Luranetunet over tre dagar i november.

Første dag, torsdag 4. november, kjem Audun Myskja for å halda foredrag.

Myskja er overlege og spesialist i allmennmedisin med doktorgrad i musikk for eldre med demens og andre sjukdommar. Han har i mange år jobba for å få musikk, sang og bevegelse integrert i helsevesenet, og med korleis du og dine kan bygge helse i et langtidsperspektiv.

Målet for pårørandeskulen er å:

  • gi pårørande auka kunnskap om demenssjudommar og innsikt i metodar for kommunikasjon og samhandling med personar med demens.
  • bidra til at pårørande får betre kjennskap til rettar, lovar og korleis gå fram for å få kontakt med hjelpeapparatet.
  • tilby støtte gjennom å møta andre pårørande som er i same situasjon.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.