Jakt, fiske og natur | 08. aug. 2022

Fann kjempeøsters

Gjest frå stillehavsøy fann stor, europeisk flatøsters i fjøra.

Fann kjempeøsters
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 08. aug. 2022 08:30

Ein gjest frå Ny-Caledonia, ein fransk koloni to timar med fly aust for Australia, gjorde fin fangst i ei fjøre i Os i går.

Ho kjem frå ei stillehavsøy, men det var ikkje eit eksemplar av den uønska stillehavsøstersen ho fann - derimot eit uvanleg stort eksemplar av europeisk flatøsters.

– Dei skulle eigentleg å fiska, men så oppdaga ho fleire skjel i fjøra, og byrja å plukka. Nokre av dei var veldig store.

Dei to største var 550 og 600 gram, det største var heile 16 centimeter.

– Eg lurde først på om det var eit rekordstort eksemplar, men så las eg at dei kan bli 17 cm lange og over 800 gram, fortel vertsskapen i Hagavik.

Bildeserie:

Flatøstersen kan bli opptil 17 cm. Gårsdagens funn var ikkje langt unna. (Foto: tips@midtsiden.no)
Flatøstersen kan bli opptil 17 cm. Gårsdagens funn var ikkje langt unna. (Foto: tips@midtsiden.no)
Dagens fangst hamna på grillen. (Foto: tips@midtsiden.no)
Dagens fangst hamna på grillen. (Foto: tips@midtsiden.no)
1 av 2
Flatøstersen kan bli opptil 17 cm. Gårsdagens funn var ikkje langt unna. (Foto: tips@midtsiden.no)
Dagens fangst hamna på grillen. (Foto: tips@midtsiden.no)

– Sjølv om ho som fann skjellet kjem frå ei eksotisk øy, er ho ikkje vant med å sanka skjell. Men ho er veldig glad i å laga mat, og gledde seg over å finna fleire østers, kamskjell og hjarteskjell. Alt hamna på grillen.

Dei ønskjer ikkje å ha namnet sitt i avisa, men vil dela opplevinga. Dei vil også halda funnstaden hemmeleg, men opplyser at det er på god avstand frå flatøstersoppdrettet på Innerøya.

Flatøstersoppdrettet på Innerøya. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Flatøstersoppdrettet på Innerøya. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Midtsiden har spurd Kåre Lunde frå Storestraumen Østers AS om funnet.

– Flatøsters på 500-600 gram er stort. Dei vi leverer til mottak er rundt 50 gram, fortel Lunde.

– For tre år sidan var din rekord i anlegget 499 gram. Kva er dei største du har sett i anlegget til no?

– Vi fann nokre store som vi la til sida, to på rundt 700 gram og eitt på rundt 950 gram. Mens dei vanlege produserer rundt éin million yngel, spyr desse store ut 10-15 millionar kvar. Det har god verdi.

– Men funn av flatøsters på 600 gram skal dei vera nøgde med, det er verkeleg eit stort skjel.

Kåre Lunde, her i 2019 på veg ut for å sjekka anlegget. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kåre Lunde, her i 2019 på veg ut for å sjekka anlegget. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

135 år med oppdrett

Det er funne spor etter leveransar av europeisk flatøsters frå pøylo på Innerøya tilbake til 1887. Men då Magnus Røttingen, som dreiv anlegget frå 1950- til slutten av 90-talet, i 2002 gjekk bort, blei det brått stopp.

I 2004 fekk Inderøens Østersanlegg AS konsesjon for vidare drift, men det blei ikkje gjort noko med anlegget før osingane Arne Halhjem og Kåre Lunde kjøpte anlegget i 2011 i starta firmaet Storestraumen Østers AS.

I desember 2016 var leveringsgodkjenninga på plass. Storestraumen Østers AS kunne levera første parti med østers frå Os på 15 år.

– Vi leverer både flatøsters, yngel og blåskjel, og aukar volumet varsamt. Vi må heile tida passa på at vi held eigen bestand oppe.

Kåre Lunde med ein europeisk flatøsters på rundt 30 gram, tjue gram frå å vera leveringsklar. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Les ògØstersanlegget på Innerøya leverer

Tidleg på sommaren blir slusa stengd, så aukar temperaturen i anlegget. No er det 23-24 gradar på pøyla, og ynglinga pågår.

Om rundt tre månadar har dei festa seg, til vinteren er det innhausting. Alt frå innhaustinga førre vinter blei selt før sommaren.

– Korleis har den kalde, våte sommaren påverka produksjonen?

– Det veit vi ikkje før vinteren kjem. Det kan svinga litt, men det er fleire faktorar som speler inn.

Verken når slusa er open er stengd er det ope for bading eller padling på pøyla.

– Vi får nokre spørsmål frå padlarar, om dei kan ta turen innom, men vi ønskjer ikkje framdande båtar inn i anlegget. Vi har aldri hatt sjukdom i anlegget, og det vil vi heller ikkje ha. Fleire andre stadar er bestanden truga, noko som er grunnen til at vi sel noko av yngelen vi får, og blant anna samarbeider med Havforskningsinstituttet.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.