Politi | 19. aug. 2022

Hjullastar stolen frå Skeie

Vitne reagerte måndag på transporten, eigar visste ikkje at den var stolen før i går.

Hjullastar stolen frå Skeie
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 19. aug. 2022 07:44

Ein 3,8 tonn Black & White hjullaster er stolen frå Skeie.

Hjullastaren sto parkert på ei flate nær busshaldeplassen på Grindavoll då den måndag blei køyrd opp på hengar og transportert vekk.

Her sto hjullastaren både før den blei stolen og sist Google Maps køyrde forbi for å fotografera. (Foto: Google Maps)
Her sto hjullastaren både før den blei stolen og sist Google Maps køyrde forbi for å fotografera. (Foto: Google Maps)

– Ein annan entreprenør i bygda hadde spurd om å låna den, så eg trudde han hadde den, fortel eigar Atle Døsen i Multi Entreprenør AS.

Då dei torsdag møttest, og Atle spurde om han fekk gjort jobben med hjullastaren, viste det seg at han likevel ikkje hadde lånt den.

– Eg måtte ringa andre i firma og familie, for å høyra om dei hadde brukt den. Det hadde dei ikkje, og då eg la ut ei etterlysing på Facebook, var det fleire vitne som hadde sett tjuveriet, eller rettare sagt, transporten.

Ein av dei hugsa klokkeslettet, og kunne tidfesta tjuveriet. Han sto ved Skorvane klokka 20 måndag kveld, og reagerte på nettopp transporten.

– Ein eldre, svart varebil, som likna ein Vito eller Transporter, køyrde av garde med hjullastaren på ein hengar, truleg ein eldre Ifor Williams.

Både bil og hengar såg underdimensjonert ut for hjullastaren. Turen gjekk frå Grindavoll retning Irgenskrysset, altså mot Strønevegen eller Ulvenvegen.

– Eg har sagt ifrå til politiet, som vil ut her og sikra eventuelle spor. Det er spor her etter både hjullastar og anten bil eller hengar.

Hjullastaren må ha blitt tjuvkopla, for eigar har kontroll på alle nøklane.

– I tillegg håper eg at andre vitne som kan kasta lys over kvar hjullastaren blei frakta, vil melda seg.

– Om dei ikkje kjem gjennom til politiet kan dei ringa meg direkte på 40037555.

– Kanskje det er nokon som har dashbordkamera, som har køyrd dette strekket på denne tida, som vil dela opptaket sitt med meg eller politiet. Det kan i så fall vera til stor hjelp.

– Kva verdi er det på hjullastaren?

– Eg kjøpte den for tre år sidan for 170.000 kroner. I tillegg kjem prisen på den ganske store grabben. Den er lite brukt, berre rundt 110 timar.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.