Kultur | 07. des. 2022

«Jul rundt svingen» lager utekino igjen

– Vi har auka kapasiteten noko i år.

«Jul rundt svingen» lager utekino igjen
NISSENABOAR: Kent-Eivind Storum, Torodd Bolseth, Christian Hitland og Eivind Storli kappast om å lysa opp husa sine, men samarbeider om kino. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 07. des. 2022 09:08

Mens Lekven kallar seg «Julabygdo» er det «Jul rundt svingen» lengre sør på Søre Neset, nærmare bestemt frå Halhjemsmarka 256 vis a vis 274 og innover.

Det starta med Griswald-tendensar (for dei som har sett «Hjelp det er juleferie») og ein idé om å laga eit arrangement for småbarnsfamiliar i 2017.

Utekinoen blei godt besøkt.

Naboar og tilreisande kom gåande rundt svingen i Halhjemsmarka for å få med seg utekinoen. (Privat foto)
Les ògOver hundre gjestar på utekino

I 2018 kom det endå fleire gjestar.

– Dette skal vi halda fram med,sa dei den gong, men det gjekk fire år.

– Vi fekk ikkje tid til å gjennomføra i 2019, og så kom pandemien, seier Kent-Eivind Storum.

No er han saman med naboane, blant andre Torodd Bolstad, Christian Hitland og Eivind Storli, klar for å rigga til utekino og kafé igjen.

Det har kome stadig meir julelys rundt svingen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Det har kome stadig meir julelys rundt svingen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Søndag klokka 17 startar filmen.

Arrangørane har valt ein noko kortare film i år, så ikkje ungane skal frysa eller bli lei av å vera i ro utandørs.

– Kinoen er gratis og open for alle, men dei som eventuelt kjem med bil må parkera nede ved idrettsanlegget eller ved skulen.

Som før skal lerretet opp til høgre for det lysande postkassestativet. (Foto: KVB)
Som før skal lerretet opp til høgre for det lysande postkassestativet. (Foto: KVB)

Saman med kinoen kjem kafé i eige salstelt.

– Mange er også spente på kapasiteten på popcornmaskina Kent-Eivind har kjøpt, seier Christian og ler.

Maskina såg stor ut på bildet naboen sendte, men Storum prøver å tona det heile ned, og er nær på å innrømma at bildet han sendte til naboane laug litt på storleiken.

Arrangørane stiller i år med nytt lydanlegg, nytt skilt frå Os vgs og endå meir julelys i gata. (Foto: KVB)
Arrangørane stiller i år med nytt lydanlegg, nytt skilt frå Os vgs og endå meir julelys i gata. (Foto: KVB)

I år går inntektene frå kafeen til ein lokal, veldedig organisasjon.

Arrangørane har dessutan fått sponsorar, Sparebanken Vest, Kiwi og Montér har stilt med pengar eller varer som utekinokafeen kan selja.

– Vi får låna stolar av barneskulen. Nytt lydanlegg er også kjøpt inn, så vi skal kunna underhalda endå fleire i år.

I mellomtida blir det pynta vidare i gata. Og lagt noko press på dei naboane arrangørane meiner har litt å gå på.

– Det er ein nede i gata her som driv ein butikk som blant anna sel julelys. Han blir pusha litt ekstra om dagen, seier Kent-Eiind og ler.

Det er meldt opphaldsvêr og 2 minusgradar søndag ettermiddag.

– Det viktigaste er at det ikkje kjem mykje nedbør eller vind. Vi set opp nokre bålpanner, men folk må kle seg godt.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.