Lokal | 19. juni 2022

Med håp om opphaldsvêr sankthansaftan

Måndag kan vi får 20 gradar og sol, men også nærmare helga kan det blir greit vêr.

Bålet i 2012. I år er det lagt opp til fellesarranement i Mobergsvikjo igjen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 19. juni 2022 12:11

I dag startar Bjørnafjorden kulturfestival, først med internt treff mellom sponsorar og skulptørar i Solbakkestova.

I morgon går steinhoggarane i gang med arbeidet.

Kulturfestivalen inkluderer både steinhoggarsymposium, konsertar, danseframsyningar og sankthansfeiring med show og parade.

Delar av den komande veka ligg an til å bli våt, men både starten og slutten ser lettare ut.

Det er meldt lettskya, sol og svak vind måndag. Yr melder 20 gradar, Storm melder 13.

Begge melder noko nedbør tysdag, onsdag og torsdag, men Storm melder noko meir opphald mellom bygene enn Yr.

Torsdag ettermiddag, sankthansaftan, skal vêret letta, men ikkje før på kvelden.

Denne kvelden står Bjørnafjorden kulturfestival med følgjande innslag på programmet:

  • Torsdag 23. juni kl 17.00: Show og parade med Absence Crew,
  • Torsdag 23. juni: St.Hansfeiring m/grilling i Mobersvika og konsert med Oldtimers Big Band i Oseana

Sjå detaljert vêrmelding for Osøyro på VG Pent.

Fredag og laurdag skal bli lettskya og utan nedbør.

Kulturfestivalen melder om godt billettsal på fleire arrangement, minst éin av konsertane har passert 100 selte billettar, og den seinaste av danseframsyninga ligg an til å få veldig godt publikum.

– Det er noko fleire billettar igjen klokka 13 enn 18, seier Patricia Langeland.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Fra 36 kr/uke
Se priser

Abonnementet blir fornya kvar måned. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.