Kultur | 28. mai 2022

Ny festival med breitt program

Bål, utekonsert, parade, dans og steinhogst er del av programmet.

Ny festival med breitt program
Vikjo i 2018, Hjermann sitt verk frå 2019, Undercover og Absence Crew. (Foto: Ørjan Håland og Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 28. mai 2022 10:23

Bjørnafjorden Kulturfestival er lansert som ny festival i Os.

Spelestadane er i hovudsak Vognhallen og Oseana, og festivalen inkluderer nokre arrangement som sto på plakaten frå før - men sydd inn under same paraply, og supplert med fleire nye element.

Frå søndag 19. til søndag 26. juni kan du oppleva steinhogst, konsertar og danseframsyningar langs sjøen vest i Os hamn.

Sånn ser programmet ut:

  • 19. - 26. juni: Steinhoggarsymposium - 10 internasjonale kunstnarar i Vognhallen
  • 23. - 25. juni: Steinhogging for elevar i kulturskulen, m/Arne Mæland og Bjørnafjorden kulturskule
  • Torsdag 23. juni kl 17.00: Show og parade med Absence Crew,
  • Torsdag 23. juni: St.Hansfeiring m/grilling i Mobersvika og konsert med Oldtimers Big Band på Oseana
  • Fredag 24. juni kl 19.30: Konsert i Vognhallen med Undercover og gjester (18-årsgrense)
  • Lørdag 25. juni kl 13 og 18: Danseteater i Oseana - «Grå» med Bjørnafjorden kulturskule
  • Søndag 26. juni, kl 12.00: Skulpturvandring og avslutning m/konsert i Vognhallen kl 13.30. Konserten er ved blant andre HM Johnsen, Victoria Bakka, Johan Sebastian Blum, Knut Vidar Garlid og Turid Moberg.

Konsertar og innandørs danseframsyning krev billett. Billettsalet er på Oseana og Ticketmaster.

Arrangørane er Os kulturutvikling, Oseana og Bjørnafjorden kulturskule.

Parallelt med Bjørnafjorden Kulturfestival er det «Sommergata» i Os sentrum laurdag 18. og laurdag 25. juni.

Det kan med andre ord bli ekstra livlege dagar i og rundt Os sentrum i overgangen til sommarferie.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.