Vêret i Os | 16. apr. 2024

Melder fleire dagar som denne

Helga blir fin, neste veke blir varmare.

Melder fleire dagar som denne
Os hamnpå morgonen i dag. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 16. apr. 2024 09:15

Tysdag starta stille og nesten skyfritt, men skal skya litt til.

Onsdag blir òg lettskya, i tillegg skal det bli noko varmare.

Det er meldt 8 gradar i dag og 11 gradar og sol onsdag.

Men torsdag skal det skya til. På ettermiddagen og natt til fredag er det venta regn.

Så kjem ei tørr helg.

Fredag blir overskya, men med opphaldsvêr. Laurdag og søndag er det venta 7 gradar og lettskya, med 5-6 m/s i vindstyrke laurdag og nesten vindstille søndag.

Mandag er det meldt ovcerskya. Yr melder opphald, Storm melder regn.

Men frå tysdag og utover neste veke er det venta nesten skyfri himmel. Vårvarmen ser likevel ut til å lata venta på seg, det er meldt berre 10-11 gradar.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.