Lokal | 02. sep. 2022

Melder knallfint vêr i helga!

Laurdag blir den aller finaste dagen.

Os hamn under skiftande skydekke fredag morgon. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 02. sep. 2022 07:39

Vêret som var meldt før førre helg og utover veka heldt seg - og held fram med minst like fint seinsommarvêr gjennom komande helg.

Fredag får opphaldsvêr, sol i periodar og 15 til 17 varmegradar. Vindstyrken skal halda seg på under 2 m/s.

Laurdag er det meldt skyfri himmel, 20 gradar og framleis svak vind, under 2,5 m/s.

Yr melder lettskya og 19 gradar søndag, Storm melder nedbør frå klokka 13 til 18, men elles lettskya og sol.

Både Yr og Storm melder 17 til 19 gradar utover i neste veke. Yr melder opphaldsvêr heile veka, Storm melder nokre regnbyger kvar dag - på ettermiddagen måndag, på formiddagen tysdag og midt på dagen onsdag.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilgang til alt innhald for berre 145 kr i månaden

Di støtte gir liv til lokalavisa vår. Vi set stor pris på om du hjelper oss å spreia nyheitene!

  • Tilgang til alt innhald
  • Under 37 kr/veka
  • Utan bindingstid
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.