Lokal | 06. apr. 2021

Dette er nytt for deg som abonnerer - og deg som les gratis

Midtsiden i ny drakt!

Dette er nytt for deg som abonnerer - og deg som les gratis
Midtsiden sitt kontor i 4. etasje i Smiegården. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 06. apr. 2021 18:38

Tysdag kveld 6. april har vi lansert Midtsiden i ny drakt, på ny plattform, med nye funksjonar.

Vi var nøgde med ny versjon frå 21. januar 2020, vår første med abonnement.

Trass innføring av betaling på fleire av dei mest interessante sakene våre, auka lesarmengda med 5 prosent i 2020 samanlikna med valåret 2019. Tar vi hausten åleine, frå 1. august og ut året, auka lesarmengda med 13 prosent.

No har vi fått utvikla ei side som skal fungera endå meir saumlaust for deg som er med på laget av lesarar som legg igjen nokre kroner.

Samtidig har vi fått utført nokre justeringar som sto på ønskjelista, som kjem alle til gode.

Vil du bli med på laget? Her kan du oppretta abonnement.

Er du allereie abonnent?

Då kan vi opplysa om dette:

1. Brukernavnet ditt er no epostadressa di (sjølv om du på førre side hadde valt namnet ditt eller eit kallenamn). Bruk epostadressa di til å få innloggingslenke. Om ikkje denne kjem i løpet av nokre sekund, kan abonnementet vera registerert på ei anna epostadresse. Då må du kontakta oss på kjetil@midtsiden.no.

2. Passordet du brukte fram til tysdag kveld er ikkje gyldig lenger. Be om innloggingslenke, trykk på namnet ditt oppe til høgre når du er logga inn - gå til «oppdater profil» og lag passord (sjølv om det står at dette ikkje er påkrevd, kan det vera ein fordel med passord, spesielt om du bruker fleire datamaskiner, nettbrett eller mobiltelefonar - eller i tilfelle du vil logga deg inn ein stad du ikkje har tilgang på epost).

3. Om du er innlogga, men opplever at du ikkje får oppdatert profilen din, så er årsaken at det er over 24 timar sidan du brukte førre innloggingslenke. Be om ny innloggingslenke og gjennomfør punkt 2.

4. Bedriftsabonnement og årsabonnement er overført manuelt onsdag og torsdag 7. og 8. april. Kontakt oss om ikkje ditt abonnement er registrert.

Er det noko som ikkje fungerer som venta? Ikkje nøl med å kontakta Kjetil Vasby Bruarøy på kjetil@midtsiden.no eller 907 89 270 (gjerne per sms).

Noko av det som er nytt:

  • Enklare innlogging og administrasjon av abonnementet
  • Ny form på forside og alle undersider
  • Betre annonsevising
  • Raskare lasting og fleire saker på forsida
  • Enklare søk etter saker du vil lesa om igjen

... men prisen for å bli med er den same.

Les du Midtsiden utan abonnement?

Då kan du òg gleda deg over enkelte nye ting:

  • Bildeseriar (i gratis-saker) er synlege for alle
  • Relaterte saker (i botnen) er òg synlege for alle
  • Søk i arkivet etter kjekke saker tilbake til våren 2009 (arkivet frå 2001 til 2009 ligg dessverre ikkje ute)

Vidareutviklinga held fram kontinuerleg. Har du tilbakemelding eller ønskje, send til tips@midtsiden.no.

God lesing!

Kjetil Vasby Bruarøy
Ansvarleg redaktør

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.