Brann og beredskap | 12. aug. 2021

Nabo frykta forureining

Brannvesenet har kontakta styret i marinaen.

Nabo frykta forureining
Reagerer på fleire fylte oljekanner i vasskorpa. (Lesarbilde, tips@midtsiden.no)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 12. aug. 2021 08:35

Torsdag ettermiddag blei det oppdaga ei samling av fylte, gamle kanner under ein landgang i Os Marina ved Os Sjøfront.

– Viss det er kjemikalier på desse, og dei veltar på sjøen, kan det bli mykje forureining i hamna, seier innringar.

Bjørnafjorden brann og redning hadde ikkje høyrd om saka då Midtsiden tok kontakt.

– Ut frå bildet kan det sjå ut som om desse har vore brukt til å halda ein presenning stabil, og at det er grus på kannene, seier Martin Ø. Svendsen i Bjørnafjorden brann og redning.

– Eg har kontakta styret i Os Marina, som vil sjekka kannene og følgja opp saka.

OPPDATERT: Eigar av kannene har kontakta redaksjonen, og opplyser at kannene er reine og fylte med grus og vatn, og blir brukte til å halda vinterkalesje nede. Det er med andre ord ikkje fare for forureining.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.