Musikk | 20. mai 2022

Ny låt frå Martine

– Det kjem minst éin låt til før Øyafest, seier strønejenta.

Coveret til den nye låten. (Foto: Erik Vågen)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 20. mai 2022 08:13

Hausten 2019 kom Martine Frotveit Johnsen med debutsingelen «Sideshow».

Sleppefesten gjekk i fullsett Baronessen (no Elvehuset).

I dag er Martine klar med nok ein låt, «Vulnerable».

Her kan du høyra eit utdrag av låten:

Også denne gong har ho jobba saman med Mats Cato Moldskred, som no er del av nye Pøsregn Studio i Bergen.

– Vi er i gang igjen, og det er fleire låtar på veg. Dei neste kjem på norsk, og eg kjem med minst éin låt til før Øyafest, lover Martine.

Les ògØyafest slepp dei fem nest siste

Moldskred driv Pøsregn saman med studiekameratane Andreas Siem og Anders Bibow.

Ei jente han gjekk på skule med, Thea Omholt, har skrive teksten til Martine sin nyaste låt.

– Eg har jobba litt med tekstskriving, men føler ikkje at eg er dyktig nok. Thea har vore heilt fantastisk. Vi har gode samtalar der eg fortel om innhald, og ho spør for å få alt på plass. Eg er veldig nøgd, og ønskjer å jobba vidare med Thea, og etterkvart kanskje bli flinkare til å skriva sjølv òg, seier Martine.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilgang til alt innhald for berre 145 kr i månaden

Di støtte gir liv til lokalavisa vår. Vi set stor pris på om du hjelper oss å spreia nyheitene!

  • Tilgang til alt innhald
  • Under 37 kr/veka
  • Utan bindingstid
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.