Rådhuset fekk nytt skilt «i julegåve»
No er lysa tente i Bjørnafjorden-skiltet på rådhuset.
I desember i fjor var juryen klar med si innstilling til kva som burde bli kommunevåpenet til Bjørnafjorden.
Etter å ha vurdert 422 forslag opp mot kvarandre, var det gullsmed Johan D. Eide sitt forslag som i år har blitt realisert. 70 år etter at faren hans teikna Os sitt kommunevåpen.
Kommunevåpenet skal ikkje pryda rådhuset eller andre kommunale skilt åleine; i september blei ny profil vedtatt.
1. januar skal kommunesamanslåinga markerast med fyrverkeri i Fusafjorden.
I går, dagen før dagen, fekk rådhuset pakka opp julepresangen sin, eit lysande skilt ut mot Hatvikvegen, essoen og hamna.
I førre veke kom eit større skilt på plass sentralt i Os - ikkje med forkus på det som kjem - men for å ta vare på det som var.