Politi | 24. aug. 2021

Ringte politiet etter krangel

Fekk pålegg om å halda seg vekke frå kvarandre.

Ringte politiet etter krangel
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 24. aug. 2021 07:41

Måndag i 19.20-tida blei politiet kontakta etter ein krangel i eit nabolag i Lysefjorden.

– Partane hadde då gått kvar til sitt, og begge ringte oss og skildra ein krangel med tendens til handgemeng, fortel politioverbetjent Atle Birkeland.

Krangelen skal ha handla om ein konflikt som har vore over tid, mellom ein entreprenør og ein privatperson.

– Det er ein privatrettsleg strid. Det som eventuelt har vore av fysisk konflikt var ikkje så alvorleg at vi oppretta sak på staden, men det er mogleg at ein eller begge partar melder motparten for noko som har blitt sagt eller gjort i løpet av krangelen.

Begge partar fekk pålegg om å halda seg vekke frå motparten i eit døgn.

Stoppa fleire MC-førarar

I 18-tida måndag fekk politiet melding om fleire motorsyklar som hadde stygge forbikøyringar på veg frå Fanafjellet mot Ulven.

– Patruljen stoppa fleire MC-førarar. Det førte ikkje til nokre reaksjonar, men førarane blei formant om å visa omsyn i trafikken og å køyra varsamt.

Fann båt på rek

Måndag i 17-tida blei ein båt med påhengsmotor funnen på rek av KNM Maud.

Hovedredningssentralen blei varsla og ba eigar ta kontakt. Midtsiden vidareformidla etterlysinga via Facebook.

Eigar meldte seg og aksjon med eventuelt søk blei avblåst. Det viste seg at båten hadde slite seg.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.