Festivalar | 06. juni 2021

Slepp to første til Tysnesfest-isj

Det nærmar seg start på billettsalet, i dag kom dei med første slepp til miniversjonen av festivalen.

Slepp to første til Tysnesfest-isj
Stavangerkameratene var booka til både 2020 og 2021-festivalen. No kjem dei likevel-ish. (Foto: Rune Sørensen)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 06. juni 2021 20:29

Før jul fortalte arrangørane av Tysnesfest at dei hadde både plan A, B, C og D, i mai blei det klart at også årets Tysnesfest blei avlyst grunna pandemien.

Men i slutten av mai blei det klart at ein av reserveplanane skulle takast i bruk.

– Vi orka ikkje endå ein sommar utan festival, så vi køyrer ein minivariant i sommar, sa dagleg leiar Øystein Vaage 31. mai.

Dei kallar den Tysnesfest-isj, og minivarianten går frå torsdag 8. juli til laurdag 10. juli.

I dag sleppte dei to artistar, dei første i rekka: Stavangerkameratene (torsdag) og car.pool (fredag).

Det blir selt berre 200 billettar per dag.

Billettsalet startar torsdag 10. juni.

Tysnesfest-isj inneheld konsertar på E-brygga torsdag, fredag og laurdag, bluescruise på Bjørnefjorden, Døds Challenge og kanskje til og med såtekonsert!

Det blir Tysnes Døds Challange i år òg. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Det blir Tysnes Døds Challange i år òg. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

car.pool

Kjappe discobeats og indierock, med eit lydbilde og sceneshow som kan beskrivast som det beste sparket i magen du har fått på lang tid! Ein konsert med car.pool er smekkfull av ear-candy, highkicks, høg gitar, og alt toppast med ein tilsynelatande begrensningslaus powerpop-vokal.

– Dei vart kåra til Vestlandssatsinga 2020, men då korona sette ein stoppar for deira konsert i år nølte vi ikkje med å invitera dei til oss i 2021! Tysnesfest 2021 blei og avlyst, men car.pool er eit så bra up-and-coming band at då vi gjekk for Tysnesfest-isj var det sjølvsagt å spørje dei igjen!

– car.pool kjem til Tysnesfest-isj med sine fargerike antrekk og sin energiske utstråling og utfordrer deg til å gjere det same. Fingrar kryssast for fint vær, men god stemning er garantert!

car.pool får endeleg spela på Våge. (Pressefoto)
car.pool får endeleg spela på Våge. (Pressefoto)

Stavangerkameratene

Kjartan Salvesen, Tommy Fredvang, Glenn Lyse og Ole Alexander Mæland er kvartetten som utgjer Stavangerkameratene.

– Tysnesfest-isj får besøk av gjengen frå Stavanger, og så lenge du held avstand til naboen kan du snart du synga med på hits som "Bare så du vett det", "Vil du shalala" og "Vekk meg opp" når dei runga over E-brygga i Våge.

Stavangerkameratene - her på Osfest i 2018. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Stavangerkameratene - her på Osfest i 2018. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Sånn såg det opprinnelege programmet ut til 2020:

Torsdag: Hjerteslag, Hellbillies, Bjørn Eidsvåg, Vinskvetten
Fredag: Highasakite, CC Cowboys, Lemaitre, Isah, EMIR, Anna of The North, Stavangerkameratene
Laurdag: Jason Derulo (US), TIX, Village People (US), Kapteinen og car.pool

Fleire av desse, som Bjørn Eidsvåg, Hellbillies, Stavangerkameratene og Hjerteslag, var booka til 2021 før originalversjonen av festivalen blei avlyst.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.