Kultur | 28. nov. 2021

Spleiser på julegåver og sponsar gratis julemiddag

Kyrkja, Havnechefen, Os Fotball og AMFI Os går saman for andre.

Spleiser på julegåver og sponsar gratis julemiddag
F.v.: Cecilie, Ingrid, Peter, Frank, Marita og Siri Ann i juleteltet til Havnechefen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 28. nov. 2021 08:49

2020 blei eit spesielt år for mange, både på negativt og positivt vis. Eit auka fokus på omsorg, at alt skulle bli bra, fekk fleire over på eit meir medmenneskeleg spor.

Kyrkja har hatt tradisjon for å samla folk på romjulstreff før, og fekk i fjor uventa hjelp frå Havnechefen, som sponsa både middag, kokkar og servitørar.

Os Fotball og sponsor AMFI Os gjekk saman om å koordinera ei innsamling via Spleis for å handla inn og køyra ut julegåver.

Også denne jula blir det både spleiselag for å kjøpa gåver og ein gratis julemiddag i Tunet. Kvar for seg, men også i samarbeid.

Med i første planleggingsmøte, som blei halde i Havnechefen sitt pinnekjøt-telt denne veka, var også Cecilie G. Bakke frå bustad- og flyktning-eininga i kommunen.

Komplett julefest

Middagen i Tunet blei ein juletrefest med mat, musikk og nissebesøk. Den gong var det restriksjonar på maks 50 gjestar, så dei knappe 60 som kom blei delte mellom to bordsete.

– I år blir det samla i eitt bordsete, og det blir ikkje i romjula, men vesle julaftan, seier diakon Ingrid Vik.

Ho er glad og takksam for at Havnechefen-eigarane Frank Vasby Bruarøy og Peter Moesgård, med leverandørar og sponsorar, spanderer middag og kokk også i år.

– I fjor var det fleire utanlandske gjestar som fekk smaka pinnekjøt for første gong, og dei såg ut til å lika det. Men vi kjem til å laga ein buffet med både varm og kald julemat, seier Frank.

Totalt metta Havnechefen rundt 300 personar i fjor, då dei også gav vekk mykje pinnekjøt som folk kunne laga heime.

– I fjor var det overskot på pinnekjøt ein del plassar, så vi samla inn mat frå fleire aktørar og lokale butikkar. Det er foreløpig uvisst om det blir noko utover denne julemiddagen i Tunet i år, seier Peter.

Informasjon og påmelding til julemiddagen blir lagt ut på Tunet kyrkje- og kultursenter si side på Facebook.

Før jul, 4. desember, skal Tunet ha internasjonal kafé med gjenbruk som tema, både for å laga ting til seg sjølv og å ta imot brukte ting (ikkje klede) som andre kan ha nytte av.

– Kanskje kjem det inn noko som vi kan gi i gåve på juletreffet, seier Ingrid.

Mjuke og harde gåver

AMFI Os og Os Fotball fekk inn til saman 40.000 kroner i julegåve-Spleis i fjor. I tillegg kom heile 150.000 i gåverkort frå kommunen si lokalekompensasjonsordning.

– Det gjorde at vi kunne kjøpa og køyra ut 200-300 gåver, fortel senterleiar Siri Ann Myhren Dalseide.

Dagen før frist hadde det kome inn berre 14 søknadar, så skaut det fart og 105 meldte seg.

– Vi forstår at dette med å motta litt hjelp kan vera tabubelagt, men jula er dyr for mange, og det skal ikkje vera ei skam å ta imot noko frå andre når folk står klare til å gi, seier Marita Arentzen frå Os Fotball.

Ho var del av ei lita gruppe vaksne i fotballadministrasjonen som køyrde ut gåvene i fjor.

Før jul ser AMFI Os og Os Fotball etter to ting:

1. Gåvegjevarar på Spleis. Kommunen kjem ikkje med gåvekort i lokal kompensasjonsordning i år, så initiativtakarane håper på ekstra god oppslutnad.

2. Gåvemottakarar som melder seg, og fortel kven dei ønskjer AMFI og Os Fotball skal gi gåver til.

– Vi kjem til å gjera det noko enklare i år, der vi legg ut eit skjema så folk kan kryssa av for mjuk eller hard pakke, gut eller jente, og der gåvane skal gå til dei under 18 år, seier Marita.

Informasjon om både Spleis og gåvemottak kjem på Os Fotball og AMFI Os sine Facebook-sider.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.