Politi | 16. juni 2022

Stal bensin i stolen bil

Politiet ønskjer tips om mann i raud jakke i blå VW Passat.

Stal bensin i stolen bil
Politiet ber om tips etter episode på 7 Eleven i Byvegen onsdag. (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 16. juni 2022 07:32

Onsdag klokka 13.35 blei politiet oppring av ein tilsett ved 7 Eleven i Byvegen i Os sentrum.

Vedkomande fortalte at ein bilist som hadde fylt for cirka 1.700 kroner i bensin hadde køyrd frå staden utan å betala.

– Registreringsnummeret på bilen var synleg på overvakingsbilde. Då vi undersøkte kjenneteiknet, viste det seg at bilen er meldt stolen, fortel politioverbetjent Anne Lyssand.

Bilen er stolen frå ei adresse i Bergen. Overvakingsvideo viser at vedkomande fylte bensin klokka 11.59.

Det blei utført søk utan resultat.

– Vi ber vitne som har vore på staden, eller observert vedkomande andre stadar, om å melda seg.

Bilen er ein blå VW Passat.

Bilførar hadde på seg ein raud jakke med pels rundt hetta. Han var truleg åleine i bilen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.