Helse | 09. juli 2021

To nye hjartestartarar utandørs i Os sentrum

– Eit fint initiativ, seier ordførar, som kasta seg med i spleiselaget på strak arm.

To nye hjartestartarar utandørs i Os sentrum
Jostein Eck og Mikal Leigland blei samde om å spleisa. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 09. juli 2021 11:16

Catten Nightclub og Elvehuset har tatt initiativ til å kjøpa hjartestartarar - og å henga desse utandørs, tilgjengelege for alle.

– Vi har snakka om det ei stund, men i førre veke tok Bjarte Andersen det opp igjen, og eg tenkte det var på tide å handla, seier kollegaen Jostein Eck.

Bjarte og Jostein driv dei to utestadane. I utgangspunktet skulle dei spleisa på éin - det enda med å kjøpa to, og å henga dei utandørs.

– Vi har ope utover natta i helgene, likevel synest eg at desse skal vera tilgjengelege heile døgnet heile veka.

Det nærmaste vi kjem i sentrumskjerna, så vidt vi veit, er Os Taxi. Dei har sin innandørs, men drosjebua har døgnope.

Sa ja på strak arm

Å ta på seg ei investering på 40.000-50.000 kroner etter ein lengre periode prega av pandemi, kan virka tøft, sjølv for ei god sak.

– Det blei enklare då kommuneleiinga var rask og positiv. Ordførar Trine Lindborg er på ferie, men fungerande ordførar Mikal Leigland sa på strak arm ja til å betala boksane som gjer at hjartestartarane kan henga ute.

Montert i dag, mellom Elvehuset og T Moberg Sko. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Montert i dag, mellom Elvehuset og T Moberg Sko. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

– Dette kostar så lite, og kan bety så mykje, at eg måtte berre seia ja. Om det i etterkant skulle visa seg at eg ikkje kunne løyva desse pengane, så betaler eg det sjølv, seier Leigland.

– Vi har hatt tilsvarande i Strandvik i fleire år, utanfor kontoret vårt og utanfor samfunnshuset. Det har heldivis ikkje blitt bruk for, men kan bety alt den dagen nokon får problem.

– Viktig at flest mogleg veit

I tillegg til velvilje frå rådhuset har Os Elektro sponsa straumframlegg og Os Røde Kors sagt at dei vil halda kurs for dei tilsette ved dei to utestadane.

– Vi skal få opplæring i både bruk av hjartestartar og annan førstehjelp, fortel Jostein.

Samtidig er han opptatt av at flest mogleg blir klar over at desse to hjartestartarane er på plass frå i dag.

– Dei skal naturlegvis registrerast på 113 sitt kart.

Dette kartet er framleis langt frå komplett, trass oppmoding seinast i 2019. Då var berre 22 av den gong minst 56 hjartestartarar i Os registrerte.

Talet har knapt vakse.

Fleire av hjartestartarane i Os, som Midtsiden oppsummerte i lister i 2016 og 2018, er ikkje registrerte.

Kva er det viktigaste du bør veta om hjartestartarar? Sjå denne 2 minutt lange videoen, laga av Røde Kors:

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilgang til alt innhald for kun 5 kr i 5 veker

Vi set stor pris på at du vel å abonnera på Midtsiden, det hjelper oss på veg til å kunna dekka endå meir av alt som skjer i Os!

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Moglegheit for fleire brukarar
Les meir og bestill

Etter kampanjen blir abonnementet fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.