Sport | 10. feb. 2019

Tre startar - tre medaljar

VM vart ein suksess for Sverre Lunde Pedersen - i dag vart det sølv på 1500 meter.

Tre startar - tre medaljar
Tre medaljar på tre forsøk får vera meir enn godkjent. Her frå vinnarløpet på 5000-meter på torsdag. (Foto: Kjetil Osablod Grønvigh)
Kjetil Osablod Grønvigh
Kjetil Osablod Grønvighsøndag 10. feb. 2019 18:39

Det var teikn til at noko var på gong då han gjekk verdscuprenn på Hamar førre helg.

På fredag sa far, Jarle Pedersen, at han visste kva Sverre var var god for.

Det var dagen etter at Sverre hadde knust alle med ein historisk VM-siger på 5000 meter i Inzell.

Same dagen tok Sverre sølv på lagtempo, saman med Håvard Bøkko og Sindre Henriksen.

Samanliknar Sverre med Kramer

Til NRK.no seier landslagstrenar, Bjarne Rykkje, at han ser mykje det same i Sverre som i Sven Kramer.

– Han er pliktoppfølgjande, og følgjer alltid treningsplanen. Kramer er på same måten.

Etter å ha stått over gårsdagens 10.000 meter, var det i dag duka for duellar på 1500 meter.

Sverre leia ei stund med tida 1.43,16, ei tid som er berre åtte hundredelar svakare enn hans eigen personlege rekord på distansen.

To par seinare kom nederlandske Thomas Krol i mål med tida 1.42,58, og sølvet var eitt faktum. Russiske Denis Yuskov tok bronsen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.