Vann 1. premie i Lotto

Mann frå Bjørnafjorden blei millionær.

(Ill. foto: Norsk Tipping)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 10. jan. 2022 08:32

Tre menn hadde alle tala i Lotto-trekninga laurdag. Dei kjem frå Sarprborg, Kongsberg og Bjørnafjorden.

1. premien blei på 5.057.400 kroner.

Vinnartala var 5, 9, 13, 14, 16, 20 og 28. Tilleggstal: 18.

– Gler meg til å ringa kona

Mannen frå Bjørnafjorden kommune tok telefonen då Norsk Tipping ringte.

– No fekk eg veldig høg puls her, sa den heldige vinnaren.

Latter og tårer sat laust.

– No gler eg meg til å ringa kona.

Mannen fortel at det ikkje er lenge sidan han og kona sa at om dei hadde vunne i Lotto så skulle dei kjøpt seg ny bil.

Han reknar også med at dei vil dela ut litt pengar til andre i familien.

Vinnarkupongen var levert som ein 5-ukerskupong via mobiltelefon.

– Tidlegare hadde eg faste tal, men det slutta eg med. Det er eg glad for no, seier han og ler.

Norsk Tipping seier ikkje noko om alderen til vinnaren. Dei har intervjua alle dei tre vinnarane. Her kan du lesa om dei to andre.


Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Sommartilbod frå 5 kr
Få sommartilbodet

Abonnementet blir fornya kvar måned. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.