Vann ryddedag med pizza - bunkersvandring blei bonus
Turboklubben rydda eit halv tonn med boss frå Buarøya.

Laurdag var det oppstart for strandryddeaksjonen i Noreg. Koordinator for strandrydding på Os-sida av Bjørnafjorden kommune, Os Rotary, monterte benk og delte ut sekkar i Smievågen.
– Det blei ein suksess! Vêret var fint, fleire kom for å rydda og stemninga blei god, fortel Hans Anton Kleiven.
– Frivillige rydda til saman 5-6 sekkar med boss frå fjører og svaberg i og rundt Smievågen. Vi reknar med endå meir rydding i endå fleire område seinare denne våren.
Det kan vera ein fordel å rydda tidleg på året, for ikkje å uroa fuglane si hekking. Andre som var tidleg ute var Turboklubben i Lysefjorden.
– Vi reiste til Buarøy nord i Korsfjorden. Det er ei fin øy som fleire i Lysefjorden liker å besøka med båt, og som eg frå før visste hadde samla mykje boss, seier André Marton Pedersen.
Bildeserie:
Aksjonen var ein premie etter at Turboklubben under TV-aksjonen i 2020 samla inn heile 20.000 kroner.
Premien blei ein ryddedag med BOF, som også reiste til Hjellestad og henta pizza til flinke ungar og vaksne.
– Vi fann restane av ei flytebrygge og mykje metall, i alt blei det nok 400-500 kilo med boss som BOF måtte henta.
Det blei dessutan både bading og bunkersvandring.
– Det er jo noko som er ekstra spennande med Buarøya, desse bunkersane som blei bygd under andre verdskrig. Den eine går tunell 60-70 meter, og vi hadde hodelykter med oss.
– Sjølv om det var berre 6,3 gradar i sjøen, var det fleire som bada. Og sjølv om det var ein del store edderkoppar i tunellen, var det mange som våga å gå heile vegen gjennom.
Utandørs var det strålande sol.
– Det blei ein veldig fin og kjekk dag! Ungane var flittige, så det var ein sliten gjeng som etterkvart åt pizza og sette seg i båten for å reisa heim, fortel Pedersen.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Tilgang til alt innhald for berre 145 kr i månaden
Di støtte gir liv til lokalavisa vår. Vi set stor pris på om du hjelper oss å spreia nyheitene!
- Tilgang til alt innhald
- Under 37 kr/veka
- Utan bindingstid
Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.