182 startande i årets Os Triathlon
Nytt i år var paraklasse. Dessutan fekk stemnet noregscup-status igjen.


Søndag blei årets Os Triathlon arrangert i og rundt Sigurdsvikjo i Ulvenvatnet.
Os Triathlon er ein sprint-triathlon med ei løype som består av 750 meter svømming, 20 km sykling, 5 km løping.
Dei raskaste deltakarane frå Os:

13-16-åringane (supersprint) hadde ei kortare løype, born frå 12 år og ned hadde ei endå kortare løype.
– Nytt i år er eigen paraklasse. Det er også lenge sidan Os Triathlon har vore eit av noregscupstemna, i år er vi sesongavslutting for noregscupen, sa stemneleiar Nikolai Kalvenes før start.
Totalt var det 200 påmeldte. Nokre av dei påmeldte, blant anna utanlandske deltakarar stilte ikkje.
Bildeserie:
Av dei som stilte til start var det:
- 5 deltakarar i elite noregscup (4 menn og 1 kvinne)
- 29 i elite junior noregscup (22 gutar og 7 jenter)
- 3 i paraklassen
- 42 barn
- 20 i supersprint (13 til 16 år)
- 83 i mosjon open klasse (68 menn og 15 kvinner)
I alt 182 deltakarar.
Best av alle i eliteklassen var Petter Ellingsbø frå Hamar il med tida 57:46:00 og Ola Rasmussen Vestbø frå Haugesund i junior elite med tida 59:31:00.
Dei raskaste kvinnene var Tyra Bardal frå Trondheim som kom i mål på 1:09:33 i junior elite og Monica Wold frå Fredrikstad på 1:11:31 i senior elite.
Her er starten til eliten:
Raskaste av dei som ikkje deltok i noregscupen, altså sprint open klasse, var Henrik Knudsen på 1:07:53 og Hedvig Hjertaker 1:19:32.
Vinnar av den nye paraklassen (supersprint) var Ingvill Gullaksen.
- Sjå komplett resultatliste på EQtiming.com
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Tilgang til alt innhald for kun 5 kr i 5 veker
Vi set stor pris på at du vel å abonnera på Midtsiden, det hjelper oss på veg til å kunna dekka endå meir av alt som skjer i Os!
- Tilgang til alt innhald
- Utan bindingstid
- Moglegheit for fleire brukarar
Etter kampanjen blir abonnementet fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.