Handball | 12. apr. 2022

Anna Bjørke Kallestad legg opp

– Det var ikkje ei enkel avgjerd å ta, seier Fana-spelaren frå Os.

Anna Bjørke Kallestad legg opp
Vanskar med comeback etter skade kombinert med ny jobb gjer at Anna vel å legga opp. (Foto: Bjørn Erik Nesse)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 12. apr. 2022 10:30

Anna Bjørke Kallestad, som fyller 26 år i mai, legg opp som handballspelar på øvste nivå.

Anna har vakse opp i Os, og var i Fana sin spelarstall i sesongen som nyleg blei avslutta.

«Fekk drømmejobben - forlater Byåsen» skreiv Aftenposten då Anna flytta til Bergen for å byrja i jobb hos Equinor.

Fana landa på 5. plass av 14 lag i Rema 1000-ligaen, og avslutta sesongen med 32-30-siger over Sola i serieavsluttinga søndag. Byåsen kom på 8. plass.

– Tøft å gi seg

Kombinert med ny jobb har Anna trent for å koma tilbake etter ein skade i korsbandet.

– Eg har enno ikkje kome meg tilbake på det nivået eg ønskjer å vera på, samtidig tar jobben mykje tid, seier Anna til Midtsiden om årsaka til at ho legg opp.

– Det var ikkje ei enkel avgjerd, legg ho til.

Anna i Oshallen i 2012, i sin siste sesong for Os. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Anna i Oshallen i 2012, i sin siste sesong for Os. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Fana il skriv at dei er glad ho prøvde, og ønskjer Anna lykke til vidare - og velkomen tilbake til Fana Arena.

Vi i Fana er uansett glad for at du gjorde et forsøk og takker for det du bidro med. Vi ønsker Anna lykke til med sitt nye liv uten topphåndball, og ønsker henne alltid velkommen tilbake i Fana Arena.

– Kan det bli aktuelt å trappa ned på lågare nivå, for eksempel i moderklubben Os?

– Det er for tidleg å seia. No er sesongen nettopp ferdig, og om eg i løpet av forsommaren saknar handball, er det ikkje umogleg at eg ser etter ein mindre krevjande stad å trena og spela. Men eg bur i Bergen sentrum, så Os er ikkje den nærmaste klubben for tida.

Årets høgreback

Anna vaks opp i Os Turn og var del av ein sterk 1996-årgang.

Før 2013-sesongen gjekk ho til Viking i 1. divisjon, før 2015-sesongen meldte ho overgang til nyopprykka Sola - og fekk dermed debutera på øvste nivå - Rema 1000-ligaen.

Anna Bjørke Kallestad for 3 år sidan i NM-kamp mot Sola. Kampen då Sola-trenar Knut Ove Joa først la merke til ho (foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Les ògAnna til eliteserien

Etter tre sesongar i Sola følgde tre sesongar i Byåsen. Der var ho med og tok bronse i 2019/20-sesongen.

Den same sesongen blei ho kåra til årets høgreback i Rema1000-ligaen.

Anna Bjørke Kallestad gjer sin beste sesong på toppnivå i Noreg. (Foto: Privat)
Les ògAnna herjar i Rema 1000-ligaen - tatt ut til rekruttlandslaget

Internasjonal erfaring

Kallestad har også fleire kampar for aldersbestemt landslag.

Ho representerte Noreg i junior-VM i 2016, der dei tok 5. plass.

Året før blei det 6. plass i U19-EM.

– Kva er dei beste sportslege minnene frå desse åra på øvste nivå - og på aldersbestemte landslag?

– Det blei mange gode minne frå tida på juniorlandslaget, der vi var med på fleire store meisterskap.

– Bronsen med Byåsen for to år sidan er eitt av høgdepunkta, men også då vi spelte med Byåsen mot Molde på opningsfest for Trondheim Spektrum, med 7.000 på tribunen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.