Politi | 13. apr. 2022

Gav tips til tjuvane: Sånn kan dei levera marmorløva anonymt

Trur marmorløva er i lokalmiljøet i Os, fryktar tjuvane kvittar seg med den i staden for å levera den inn.

Gav tips til tjuvane: Sånn kan dei levera marmorløva anonymt
Den andre løva er frakta til lager. På Åsted Norge viste kultursjef Erik Vangsnes kor tunge dei er, ved så vidt å klara å rikka den. (Foto: TV 2 Play)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 13. apr. 2022 10:11

Ein gong mellom 19. og 21. mars forsvann den eine av to marmorløver som sto på trappa utanfor villaen Christian Michelsen bygde i Mobergslia i 1916.

Den andre løva er fjerna og lagra.

Les ògMarmorløve sakna frå Mobergslia

Bjørnafjorden kommune, som eig den tidlegare statsministeren sin ferieheim, og seinare barneheim, har fått hjelp av TV 2-programmet Åsted Norge.

Måndag 4. april fekk marmorløva dei første 7 av det 45 minutt lange programmet.

– Det har dessverre ikkje kome inn nokre nye tips så langt, seier politistasjonssjef Oddbjørn Dyrdal.

Han tok saman med kultursjef Erik Vangsnes imot TV-teamet.

Heller ikkje kultursjefen kjenner til at det har kome nye tips.

– Vi hadde håpa at det skulle koma tips etter god merksemd i media, men vi har foreløpig ikkje høyrd noko.

  • Sjå heile episode 8 i sesong 13 på TV 2 Play (krev abonnement)

Proff eller amatør?

Programleiar Jens Christian Nørve hadde førre måndag med seg forfattar og tidlegare etterforskingsleiar Jørn Lier Horst, advokat Kristin Fagerheim Hammervik og Trygve Aanstad frå Kripos som ekspertpanel.

– Det er to interessante utgangspunkt her. Det eine er sjølve tjuveriet. Dei som har stole løva har truleg vore og observert i forkant, og dei har truleg hatt eit køyretøy då dei henta den, sa Trygve Aanstad.

– Det andre er kva som skjer med den i ettertid. Er det profesjonelle tjuvar, vil dei truleg få den omsett. Er det nokre lokale aktørar, så er den truleg å finna i nærmiljøet ein stad, og det vil oppstå rykte som fører til tips.

Løvene er ikkje heilt like. Den andre låg på bakken då tjuveriet blei oppdaga. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Løvene er ikkje heilt like. Den andre låg på bakken då tjuveriet blei oppdaga. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Jørn Lier Horst ramsa opp fleire andre skulpturar som har vore stole, som Sinnataggen i Vigelandsparken i Oslo og Den lille havfruen i København.

– Nokre gongar er det økonomisk motiv, andre gongar er det eit stunt for å hamna i historiebøkene.

Kristin Fagerheim Hammervik sa at vi ikkje kan sjå vekk frå at dei som har stole skulpturen kjenner til den kulturhistoriske verdien, men meiner det er minst like truleg at dette er utført av nokon som ikkje kjenner historikken eller bryr seg om verdien.

– Eg er einig. Dette kan like godt vera gjort av nokon som meiner at skulpturen vil ta seg betre ut ein annan stad enn framfor eit ubrukt bygg som står til forfall - eller at det berre er nokre ungdomar som har tatt det for langt, sa Horst.

– Faren er at dei no får kalde føtter og vil kvitta seg med bevis, at dei for eksempel dumpar den utanfor ein kai.

Kan kommunen tilby amnesti?

Bjørnafjorden kommune har sagt at dei ikkje vil melda vedkomande, om dei leverer marmorløva tilbake.

På spørsmål frå programleiar, svarer Hammervik at det ikkje er opp til kommunen å avgjera om eit tjuveri som dette blir straffeforfølgd.

– For å sikra anonymiteten sin, kan dei kontakta advokat, som bringer informasjon eller skulturen til kommunen, seier advokaten.

– Om dei gjer det, og skulpturen blir levert tilbake i same stand, så tviler eg på at politiet vil bruka særleg mykje ressursar på å finna ut kven dette er. Spesielt når eigar har den innstillinga dei har, og ønskjer å gi amnesti.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.