Politi | 13. okt. 2021

Hjort påkøyrd på Røykenes

Hjorten måtte avlivast.

Hjort påkøyrd på Røykenes
(Ill. foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 13. okt. 2021 07:59

Det har vore minst tre hjortepåkøyrslar dei siste to vekene, i går kveld kom den fjerde.

– Vedkomande som køyrde på hjorten meldte ifrå klokka 20.19 tysdag kveld, fortel politioverbetjent Anne Lyssand.

Påkøyrsla skjedde på Røykenes, 200 meter sør for Er-An Veikro.

– Hjorten overlevde, men blei liggande skadd på bakken. Viltkontakt blei varsla og kom for å avliva.

Kyr i 80-sona

På dagtid i går, i 12.30-tida, blei politiet varsla om kyr i vegbanen på Hatvikvegen.

– Dei var i 80-sona, til fare for både seg sjølv og bilistar: Vi fekk tak i eigar, som fekk kyrne tilbake på beitet.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.