Politi | 24. nov. 2021

Hjort påkøyrd ved Liafjellstunnelen

For andre gong i november.

Hjort påkøyrd ved Liafjellstunnelen
E39-strekket mellom Mobergsbrua og Liafjellstunnelen er utsett for brå møte med hjort. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 24. nov. 2021 06:54

Onsdag i 06.30-tida blei ein hjort påkøyrd på E39.

Uhellet skjedde mellom Mobergsbrua og Liafjellstunnelen, eit område som hadde fleire samanstøyt for nokre år sidan, og der ein hjort også blei påkøyrd i starten på november.

– Det var ingen personskade, men bilen skal ha vore ganske skadd, fortel politioverbetjent Christine Grindstein.

Ingen var fastklemt og airbag var ikkje løyst ut. Politiet var ikkje ute på staden.

Sist gong var det ein kronhjort som blei påkøyrd, som spran frå staden med ein skadd fot. Viltkontakt fann den på ettersøk, men fekk ikkje avliva hjorten.

Denne gong blei dyret liggande igjen på staden. Viltkontakt blei varsla.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.