Lokal | 26. feb. 2021

Tre nye smitta i går - éin ny i dag

Ein av dei er frå same husstand som Nore Neset-eleven.

Tre nye smitta i går - éin ny i dag
Koronaviruset. (Foto: FHI)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 26. feb. 2021 09:26

Torsdag kveld blei det kjent at ein elev ved Nore Neset ungdomsskule har fått påvist covid-19, noko som førte til at 68 elevar og 9 lærarar må i karantene minst fram til onsdag.

Eleven var ikkje einaste nye smittetilfelle i går.

  • I tillegg er ei kvinne i 40-åra smitta. Ho er frå same husstand som den smitta eleven, men smitteveg er ukjent.
  • Det tredje tilfellet er ein ungdom i slutten av tenåra. Vedkomande er elev ved ein skule i Bergen. Smittevegen er kjent og nærkontaktane er i karanetene.
  • OPPDATERT: I dag har ein av medelevane på Nore Neset ungdomsskule testa positivt. Vedkomande var nærkontakt med eleven som testa positivt i går.

Smitte frå tysdag konstatert som mutert versjon

Med tre nye smittetilfelle i går er vi oppe i til saman 6 nye smittetilfelle på 4 dagar etter ein perdiode frå 12. januar med berre to nye smitta.

Begge dei to nye smittetilfella tysdag var i samband med innreise til Noreg.

– No har vi fått stadfesta at eitt av dette smittetilfella er av den engelske koronavarianten, opplyser kommuneoverlege Klaus Melf.

Datoane for dei smitta i Bjørnafjorden til no

Til no i 2021: 26
Totalt smitta: 129
26. februar: Elev på 9. trinn ved Nore Neset uskule.
25. februar: Ungdom i slutten av tenåra, elev ved skule i Bergen.
25. februar: Kvinne i 40-åra frå same husstand som eleven frå Nore Neset.
25. februar: Elev på 9. trinn ved Nore Neset ungdomsskule. 77 i karantene.
24. februar: Kvinne i 20-åra, truleg smitta i ein nabokommune.
23. februar: Mann i 40-åra, testa i samband med innreise til Noreg.
23. februar: Mann i 20-åra, testa i samband med innreise til Noreg.
8. februar: Jente som er elev ved Os vgs. Smitta av kontakt i Bergen.
8. februar: Kvinne i 20-åra. Smitteveg ukjent.
12. januar. Mann i 40-åra, smitta av nærkontakt mens han var i karantene.
8. januar: Par i 20-åra og son på 4 år. Testa i samband med innreise.
5. januar: Kvinne i 30-åra. Testa i samband med innreise til Noreg.
5. januar: Mann i 30-åra. Testa i samband med innreise til Noreg.
5. januar: Mann i 50-åra. Testa i samband med innreise til Noreg.
4. januar: Åtte nye smitta, frå 5 år til i 60-åra. Høgaste tal på éin dag til no.
3. januar: Kvinne i 30-åra og hennar 1 år gamle born. Smitta av nærkontakt.

2020 haust (10. august til 31. desember): 89 smittetilfelle
2020 vår (11. mars til 14. april): 15 smittetilfelle

Totalt i 2020: 104 Sjå liste over alle

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.